Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Rim Høgtider Minneord Bankar

PROLOGAR

 

DØYPEFONTEN FORTEL

 

Kong Olav til Gulating sender

prestar med fat i sine hender

for å døypa gulamenner,

gjera dei til truskapsvenner.

Men då bisp Grimkjell seg til bøndene vende

brutalt dei fatet or hendene hans spende.

Kongen såg at her måtte tyngre saker til,

«ein solid døypefont eg skaffe vil».

Han var ikkje sein,

fekk hogd til ein stein,

og best det var der eg stod,

nett slik de ser meg no.

Meg kunne dei ikkje spenna vekk,

dei som prøvde store smerter fekk

både i fot og legg,

kongen smilte i sitt raude skjegg.

Og med kvart

mange døypte vart.

Ikkje lenge det heller drygde

før kongen ei kyrkje bygde,

og der, ved ein åttekanta altarring,

fekk eg, som ein heilag ting,

litt murring til trass,

min fine heidersplass.

 

Gleda varde ikkje lenge,

asatru ville for kristtru stenge,

kyrkja ned dei brende,

meg ut i uvissa sende.

Men kristtrua kunne ingen stanse,

fram ho vann, frå skanse til skanse,

og den store mannedåp

gav meg nytt håp,

ein stor heidersplass eg skulle få,

ved sjølvaste Olavskrossen fekk eg stå.

Der eg vyrdeleg står

i mange gode år,

fylgjer med alle som kjem og går

til brått ein vikarprest ideen får

å setja meg i kyrkja inn,

og atter var plassen ved altarringen min.

Eg tenkte, no er det for evig gjort,

- dette var verkeleg stort !

Medan eg lydde til mektig orgelmusikk

kunne eg her med mitt indre blikk,

til vakker salmesang,

fylgja dei som kom til kyrkjegang.

Mange opne og reine hjarte,

tankar både kvite og svarte,

brytningar mellom tru og tvil,

unge med løynlege blunk og smil,

mange fine lyse sjeler

ved altarringen kneler,

men også somme

mindre fromme,

eg føler sorg ved jordeferd,

brudevigslar glad meg gjer.

 

Slik, i trivsel stor,

stod eg heilt til i fjor.

Då fekk eg ikkje lenger vera der,

dei sette meg i kyrkjeskipet ner.

Det tykte eg ikkje noko om,

mest bort for folk eg kom.

Frå å vera ein historisk fargeklatt

vart eg mest ein vanleg gråstein att.

Eg lengtar tilbake til dagar store

då folk såg opp til meg slik kong Olav gjorde.

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.