Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Rim Høgtider Minneord Bankar

PROLOGAR

 

HOMOFIL PREST

 

Det skulle skje igjen

-ei kvinne mot mange menn!

Biskop Rosemarie Køhn

høyrde dei homofile si bøn,

sette Siri innatt som prest

- hausta stormande protest.

 

Me treng nok påbod og reglar,

men når me til soga skjeglar,

og det er det ofte lurt å gjera

her i denne harde verda,

ser på kor dei skriftlærde

med riset alltid var på færde,

korleis dei styrde tempeldrifta

ved å ri paragrafane i skrifta,

korleis yppersteprestane i kor,

også lasta Jesu liv her på jord,

då tykkjest det ikkje utan grunn

at folk med ei sjel frisk og sunn

i sine tankar vert minna om

det gode i vår barnelærdom.

Jesus stod alle nær,

hadde sin fiende kjær,

viste kjensler og varme,

tok seg av usæle og arme,

trøysta alle på sin vei,

hjelpte dei som lei.

Der han fekk råde

var det rikeleg med nåde,

i vårt indre me ser han

som ein edel samaritan.

 

Han gjorde folk glad,

me kjenner orda han sa

då ei kvinne stod åleine

mot dei som ville ho steine,

den som sjølv er rein

kan kaste den fyrste stein.

Då vart det stille i den tøffe horde,

skade kvinna ingen torde,

når Jesus deira samvit rista

alle motet fullstendig mista.

 

Med sine handlingar Guds eigen son

skapte age, tillit, tru og von,

når hans gjerningar me tenkjer på

synest Køhn si avgjer lett å forstå.

 

Om prestar og homofili

rår framleis debatt og stri.

Jesu gjerningar og ord

vitnar om kjærleik stor.

Ein gud som trøystar og varmar

og tek imot med opne armar,

neppe bort vil sile

dei han skapte som homofile.

Apostelbrev bør ikkje skape tvil,

Gud elskar nok også ein homofil.

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.