Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Rim Høgtider Minneord Bankar

PROLOGAR

 

HOTELLET

 

Det skjedde som ikkje måtte skje,

vertshusdrifta vart lagt ned.

Huset var heilt nedslite og forkomme,

var håp om vidare drift for godt omme ?

 

Og tida gjekk

utan at ny von me fekk.

Men så kom det ein mann frå Os,

han tende nytt ljos.

Hans namn var Pedersen,

no kalla Johnnyen.

 

Det skjedde saker og ting,

han fekk på sakene sving,

huset vart pussa opp

frå grunn til topp,

eg skal sei det vart steil,

smakfulle fargar og masse speil,

skinande blankt over alt,

huset vart endra totalt.

Gamle møblar gav han bort,

kjøpte nye av finaste sort.

Det skal vera visst og sant,

alt blei verkeleg elegant,

og det gav ein ekstra apell

at namnet vart endra til hotell.

 

Turistane som kom

forundra såg seg om,

var fulle av skryt

og utover flyt

eit nytt godt rykte,

gledeleg me alle tykte.

Dei som fekk dette til

sterkt me hylle vil,

varm takk skal tone

til Johnny og hans kone.

Den beste takka me kan få gitt

er å bruka huset jamt og titt.

Difor vil eg gjerne sei:

Til hotellet legg din vei !

Der kan me mat og drikke nyte,

gle oss over servicen dei vil yte.

Velkomne me er som gjestar

både i kvardagen og på festar.

 

Det var hyggeleg å vera gjest

på denne treårs minnefest.

Me alle takkar, gratulerar og vil

ynskja vidare hjarteleg lukke til.

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.