Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Rim Høgtider Minneord Bankar

PROLOGAR

 

50-ÅRSKONFIRMANTAR I GULEN KYRKJE

 1.9.1996

Det var stemningsfullt i kyrkja i dag.

Tanken tok oss attende til tida me hadde i lag

då me i 1946 for presten gjekk,

fyrste kjennskap til kvarandre fekk,

og 8. september som konfirmantar stod,

- gildt å tenkja tilbake på no.

 

Presten, Johan Vatne, var ein fredsæl mann,

med glede og stor takksemd me minnest han.

Han var roleg, grei, kjekk og på alle måtar bra,

men me tykte nok at litt mykje lekser han oss ga,

kapittel opp og kapittel ned,

i tilleg til alt det

skulen krov i vår eksamenstid,

før me frå skulegonga var fri.

 

Kvar mandag, heile sumaren igjennom,

me til undervisning i kyrkja kom,

dei fleste på motorbåtar

som alle hadde sine særeigne låtar.

Me kjende dei kvar og ein,

både snøgg og sein.

 

Frå Eidsbotn Magne, Kari og Solfrid,

med «Mira» nådde fram i rett tid.

Aslaug og Sigvald kom frå Brandsdal, og dei to,

ventande på kaia i Vikane stod.

 

Frå Dalsøyra, med «Rappen», den gamle travar,

Ingrid og Harald passasjerar var.

«Rappen» gjekk i doktar-rute

og var alltid tidleg ute.

 

På lyden kunne me lett høyra

båten som kom frå Oppdalsøyra.

Med på den ferda

var Jakob, Audun, Finn og Gerda.

Dei hadde godt humør,

båten var kjende «Vigør».

 

Mest i same stund

la «Porat» til kai frå Brandangersund.

Der ombord var det god orden på tinga,

der sat Per, John, Bjarne, Anna og Inga.

 

Ingen motordur eller støy

røpa dei frå Hisarøy,

Solveig og Odd nytta oftast robåten

og han var uråd å kjenna på låten.

 

Med dei som kom frå Eivindvik

hadde det seg slik

at dei traska på sine skeive skor,

både Karin, Ragna, Åse, Olav og Magnor,

mens Norvald rodde så sjøen spruta,

han ville og halde ruta.

 

Klokka 11 var me i kyrkja samla,

hendene stille med bøkene famla,

i fyrstninga sat me som ein einaste stor dyd,

du kunne ikkje høyra ein lyd,

så sterkt følte me alvoret alle 24

at me torde korkje le eller flire.

 

Leksene var, som sagt, svære

både i salmebok og kristenlære,

men etter kvart det gjekk nokså grett,

me svara visst bra rett,

og om me stod litt fast,

presten sitt tolmod aldri brast,

han roleg og blid

hjelpte oss på gli,

smilte lurt,

og resten gjekk som smurt.

 

Songen ofte mektig under kyrkjekvelven stod,

presten skrytte, sa at songen vår var god.

D e t t e fine skussmål i minnet står:

«Dei er sers flinke å synge konfirmantane i år».

Ein vakker, kjær og velkjend song

lydde frå benkeradene mang ein gong:

«Herre Gud ditt dyre namn og æra

over verdi høgt i akt skal vera.»

Presten gjerne på kyrkjeorgelet spela,

songen og musikken var ein fryd for sjela,

lekser og pugg vart gløymde,

tonane med kraft dei strøymde

frå orgelet og frå oss,

i ein harmonisk jubelfoss.

 

På middagsstunda,

då presten var heime og blunda,

gjekk me på butikken,

heile klikken,

kjøpte drops og sjokolade,

kjeks og limonade.

Enkelte rakk visst også å bade.

Me likte å gå i vegen å sprade,

og når kjenslene i varmen tina,

lurte kong Amor på sidelina.

 

Tida i prestegarden var god og kjekk,

svært fort den sumaren gjekk,

me treivst i lag

og gledde oss til kvar prestegardsdag.

Det var også godt å få litt fri

frå slåtten tung og strid

i ei fin og varm sumartid.

 

I 1946 det enno i landet var

rasjonering streng og hard.

Det var ikkje nett

så heilt grett og lett

å få tak i alt som trongst til ein konfirmant,

- det skal vera både visst og sant.

 

For å få det ein skulle ha

var det vanleg inn til byen å dra,

saman med mor eller far,

som rasjoneringsmerka og pengane bar.

Vanskeleg kunne det vera med rasjoneringskort,

vareutvalet var heller ikkje særleg stort,

og konfirmasjonen nærma seg styggeleg fort,

men alle tidsnok sine innkjøp fekk gjort.

 

Då «masjonssøndagen» rann

me vår plass på kyrkjegolvet fann,

gutane i sin fyrste dress,

med striper og knivskarp press,

jentene smilande, gode og blide,

som jentene var på dei tide,

i nye kjolar og nette sko,

-eg ser det for meg enno!

I dag har konfirmantane kappar på,

slike fanst her ikkje då.

 

I midtgangen stillte me opp,

nystrokne frå tå til topp,

i to lange rekke,

ville mest sprekke,

utålmodige som me var, og spente

på kva spørsmål me hadde i vente.

 

Presten mellom rekkene gjekk,

spørsmål på spørsmål me fekk,

han gav seg god tid,

vende seg frå den eine rekka til hi.

Det vart litt lenge å stå,

i varmen røynde det nok på,

men me greidde oss toleg bra,

og eg trur presten fekk dei svar han ville ha.

 

Etter gudstenesta folket stoppa,

tok det med ro ute ved kyrkjetroppa,

helste og gratulerte,

nokre fotograferte.

 

Før me heimover byrja vandre,

bytte me kort med kvar andre.

Korta tok me godt vare på,

store som små,

alle like kjære var,

me dei framleis i kommodeskuffa har.

 

I heimane var det konfirmasjonslag,

truleg med liknande mat som her i dag,

vanleg festmat den gang var også sosekjøt,

desserten ofte fruktgraut, god og søt.

 

Gåver det vanka av ymse slag,

ikkje så store og dyre som i dag,

men for oss var,

alle og ei kvar,

så dyrebar og fin

at dei framleis i minnet skin.

Og ein ting me fekk,

sirleg skrive med penn og blekk,

som dei unge i dag knapt har sett,

-telegram på vakker festblankett.

 

Mandagen igjen til kyrkje det bar,

nærmaste familie også då samla var.

Då me til alters gjekk,

sakrament og velsigning fekk.

Også denne dagen vanka det ekstra god mat

på mor sine blankpussa fat.

 

Konfirmasjonshelga 1946 var varm og god,

men ut på mandagen tora rulla og slo.

Kanskje var det eit symbol

på at livet ikkje er berre sol ?

 

For dei fleste har det nok også vore

litt av kvart, både smil og tåre.

For nokre av lesekameratane vart livet heller kort,

me minnast dei fire som alt er gått bort.

Til Aslaug, Gerda, John og Sigvald, tanken går,

minna om dei ljose i hugen står.

 

I dag me alle håpar på

ei gledeleg mimrestund å få

la maten smake og praten gå,

utveksla minner, store og små,

- la gjensynsgleda rå.

 

Åse me hjarteleg takke vil

for at ho har stelt dette treffet til.

Kvar ein er velkomen gjest,

måtte det bli ein hyggeleg 50-årsfest !

Og så vil me ynskje at alle framover får

mange gode og rike dagar og år.

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.