Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Rim Høgtider Minneord Bankar

PROLOGAR

 

GULEN KYRKJE

ETTER 125-ÅRSJUBILEUMET I 1988

Kyrkjejubileumet er over

og i alle tun og stover

folk ivrig drøftar og snakkar,

- inntrykka i tankane flakkar.

 

Regnet gjorde det grått

og vått,

men eit fint jubileum har me fått,

- opplegget var jo så godt.

 

Bak ligg lang tids strev,

utallige samtalar og brev,

innsamling av materiale,

teikning, forming i skrift og tale,

tonar skapte i takt og kløkt,

mang ei hard øvingsøkt,

dugnad i alle slags ver,

av med gras, ned med trer,

fram med gamle verdfulle ting,

Borgstova rydda til utstilling.

Frå den fyrste start

heile soknet engasjert vart.

Mykje arbeid og strid,

bak stod Signe, smilande og blid.

 

Søndag var alle stemt til fest.

Sogespel med lensmann og prest,

brudeprar, konfirmantar, barsel og splint

vart, tross regn, utført greidt og fint

i kostymer anno 1863

for alle som var med.

I gamaldags stil og vandel

opplevde me livleg prat og handel.

Båt etter båt mot Prestekaia stod,

folk tok seg fram ved å sigle og ro,

andre kom i karjol med hest,

alt for å skaffe folk flest

ein tokke av korleis folk tok i vei

når i eldre tider dei til kyrkje skrei,

me vart sende

125 år attende.

 

Prat og handel stilna av

folket til kyrkja seg gav.

I prosesjon leia av prost og prest,

kledde i kostymer og til fest,

ålmugen i roleg gang

skrei til kyrkje under malmfull klokkeklang.

 

Stemningsfull høgmesse i fullsett, festpynta kyrkjehus

med preike, prolog, musikk, sang og orgelbrus.

Pause med mat frå gamle nistebomma,

- mykje gamaldags godt ho romma.

Etterpå tale, musikk og sang

med svært godt innhald og vakker klang.

Uroppføring av «Kom søndag» med fagning stor

både til arrangør, musikkantar og kor.

 

Eit verdig jubileum for kyrkja vår.

Ho feira sine 125 år

i den rette sogesusen

med frammøte på over tusen.

Båtar og bilar kom tett i tett,

trafikken ordna lensmannsfolka lett.

Då festen var til ende

sola sine strålar sende,

gjorde ein kort stans

og forsegla minna i ein stråleglans.

 

Denne høgtida me i hugen gøymer.

Heller ikkje alle dei me gløymer

som streva med å få dette til,

vår takksemd er stor,  varm og mild.

Signe er nok den som mest av lasset trakk,

at pågangsmot, gnist og krefter rakk !

Hjarteleg takk !

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.