Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Rim Høgtider Minneord Bankar

PROLOGAR

 

GULEN SANITATSLAG

Basar 13.3.1971.

 

Velkomen til sanitetslaget sin basar,

velkomen kvar kvinne og kvar kar,

 

velkomen til kaffi og kaker, og litt program,

og til loddsal med mykje fint gevinstkram.

Her kan de vinne ein heil masse,

med lommene fulle heimatt tasse,

og gleda dykk over den gode gjerning de har gjort

ved å yta dykkar skjerv til eit arbeid stort.

 

Ja, stort er sanitetskvinnene sitt arbeid, det er sant,

ingen kan nokon gong ha meint eller tenkt noko ant,

dei yter tenester i alle leier,

finn alle slags gode utveier

til å skaffe trengande hjelp og trøyst,

og gjev seg ikkje før problemet er løyst.

 

Me må lytte til deira gode stemme,

ikkje la dei koma i klemme

når dei vantar pengar til sitt virke.

Då må me pengar ut av lommene lirke,

kjøpa årar i vilden sky,

ivrige på kakene by,

og visa at me står våre kvinner bi

i denne deira velsigna gode strid.

Pengar dei treng, det alle veit,

me vonar dei aldri må stå i beit,

men stadig i folket finna støtte,

så dei ikkje går seg trøtte,

på den ofte kronglute, strevsame vei,

i sitt samfunnsnyttige hjelpearbeid.

 

 

Store mål me veit at dei har,

ja, det trengst meir enn ein basar,

me lyt strama inn vår livreim,

no vil dei skaffa oss sjukeheim.

Det er ein framifrå tanke,

men det trengst mang ein planke,

harde tak dei har å ta

alt før det i jorda kan setjast spa,

og endå større løft det takast må

før taket kan setjast på.

 

Så kjem møblar, dekketøy og instrument,

og alt skal sjåast etter tidleg og sent,

så spør kva dei treng

 - ein masse peng.

 

La oss laga eit lite opprop,

be folket i kommunen føreta eit oppsop,

reinska krokane for pengar som ligg og sleng,

og som me i grunnen ikkje treng,

-kjøpa lodd i fleng,

auksjonera bort kaker av finaste mjøl,

samla til bygget til beste for oss sjøl,

tenkja på det i vårt yrke,

ofra til det i vår kyrkje,

alle sitt beste gjera lyt,

utan å venta skryt,

og då vil nok godt det gå

med målet å nå,

og  eg vågar å spå

at me heimen snart vil få.

 

Men når sjukeheim er reist,

og flagget heist,

vil sanitetskvinnene mot nye mål,

med vilje av stål,

arbeida utan tål.

 

Gulen sanitetslag i festteikn står,

laget fyller seksti i år.

I ein menneskealder mest,

har i kvardag og fest,

desse trauste kvinner,

som om Florense Nightingale minner,

sin gode gjerning mellom bygdefolket gjort,

arbeidt laget kraftigt og stort,

i oppofrande moderleg slit,

vunne sympati og tillit.

 

Dei krev ikkj løn,

men har ei inderleg bøn,

som til oss alle må vandre,

- om hjelp til å hjelpe kvarandre !

 

60-åringen får den største honnør,

med ynskje om oppslutning som aldri før,

måtte det for Gulen Sanitetslag alltid bli

slik at signing og lukke står laget bi.

 

Mot slutten av 1800 var tidene svært spente,

folk ottast at  krig med svenskane var i vente.

våre folkevalde reservar fram ville hente.

Norske kvinner på ideen tente,

og d e t gav vinst opp og vinst i mente.

 

Politikarane ynskte å få

ein beredskap dei kunne stola på,

og det skal eg helse og sei at dei fekk,

med styrke og iver kvinnene til verket gjekk,

i organisasjonsarbeid haddedei trening,

no starta dei Norske Kvinners Sanitetsforening..

 

I heimen til Fredrikke og Ole Qvam

vaks ideen fram.

Der i Pilestrædet

fekk dei føla både sorg og glede,

men dei hadde livskraft og mot,

mange gode tankar der slo rot.

Heimen var som ein politisk salong,

ordskifta kvasse mang ein gong.

 

NKS sitt skipningsmøte var

i Oslo 1896, den 26. februar,

i «Studentersamfunnets lille sal».

Der vart valt eit styre på 5 i tal:

Fredrikke Marie Qvam, som i brodden stod,

og 4 andre staute kvinner i lag med ho.

 

Etter ein heller spe start

det ei rivande utvikling vart,

på dugnad, gjennom brev og telefon,

skapte dei landet sin ypperste organisasjon.

 

Dei tenkte ikkje på personleg vinst og løn,

men hadde ei stille bøn

om at det dei ytte

måtte verta folket til hjelp og nytte.

Og d e t er kanskje det største i det store,

dei gjekk stille med alt dei gjorde.

 

Den fyrste oppgåva dei fekk på seg lagt,

var, i samarbeid med vår styresmakt,

å bu seg med sanitetsmateriell.

Flittige sydde dei etter sin eigen modell,

og til lageret i Garnisonssykehusets loftsrom,

klær i store mengder kom,

det skulle så visst ikkje skorte

på verken sengeutstyr, bukse eller skjorte.

 

Men i krise med sjuke og såra

trongst det og folk ved sjukebåra,

og for også dette best mogeleg å greie

sette dei igang kurs i sjukepleie.

 

Ideen var hjelp i krig og krise,

men tida skulle snart vise

at dette var berre fyrste steg

på ei utvikling som vart eventyrleg.

Utruleg kva sanitetskvinnene makta,

tankar fort vart til fakta.

Dei reiste heimar og institusjonar

til nytte og glede for millionar,

sette i verk mange gode ordningar

som lækjedom bar

til folk i alle lag,

mot plager av ymse slag.

Arbeidet med mødre-, barne- og helsekontroll

har gjeve grøde på tusener av fold,

likeeins kampen mor tuberkulose,

revmatisme, kreft og osteoporose.

 

Me gløymer heller ikkje utderling av mat

til born som svoltne på skulebenkane sat,

og arbeidet for skule- og folketannrøkt,

som også vart prioritert svært høgt.

Ei oppgåve med enorme humanitære krav

fekk NKS då Nord Noreg vart svidd av.

 

Me veit at saniteten også stod bak

folkehygiene- og badesak,

og når det galdt bygging av folkebad

stillte nok me i fremste rad;

det fyrste ungdomshus planlagt nytta slik

vart reist i Eivindvik.

Til god folkehelse var reinsemd sjølve kimen,

kvinnene sitt kampanjemerke var «soplimen».

 

Sanitetskvinnene sine store evner

over vide felt femner.

I tillegg til alt slit og strev

som me veit at heimen av kvinnene krev,

får dei som regel kvikt utført ting som

politikarane berre rekk å snakke om.

At dei kan  ordne seg det er sant,

det har dei greidt så praktisk og galant

at knapt ei krone unødig forsvant

til nokon kant.

Administrasjonen var alt anna enn stor,

i leiaren si stove hadde dei sitt fyrste kontor.

På reisene søstrene sykkelen trødde,

med «søsterkofferten» glede kring seg strødde.

«Folkehelsen» - organisasjonen sitt eige blad,

orientering og rettleiing gav,

«Førstehjelpsboka» - rosa i høge tonar,

vart til hjelp i mange vanskelege situasjonar.

 

Samlingsmerket - ein solid trekløver,

ypperleg for NKS høver.

Rau og blått, med bokstavar i kvitt,

står det stødt, reint og fritt,

og er for oss alle blitt

eit trygt symbol på helse og velferd,

omsorg, trivsel og menneskeverd.

 

Ein viktig del av innsatsen det blei

å skaffa midlar til forskningsarbeid.

Rundt i heile landet vart skipa lokallag

og talet på medlemar auka frå dag til dag.

Driftige kvinner i bygd og by,

basarar heldt på ny og på ny.

Flagget på deira marknadsbord,

vart velkjent for liten og stor,

frå sør til nord.

 

Midlar vart samla også på andre vis,

ved salg av festblankett, maiblom, fastelavensris,

og julemerket som me alle kjenner,

kleba på helsingar til slekt og venner.

 

Framgangsmåtar har skifta frå tid til tid,

frå enkle ting til store landslotteri,

kvinnene har alltid stått hardt på

og resultata er lette å sjå,

mange er dei helsebygg og velferdstiltak

som det står sanitetskvinner bak,

ofte i samarbeid og nær kontakt

med kommune og statsmakt,

stønad og hjelp der det trengst ei hand,

dei gjev både i vårt eige, og i andre land.

Med stor dug og dygd

har dei rydda, sådd og bygd.

 

Også i Gulen har me til fulle fått nytt

fruktene av det sanitetskvinnene har ytt,

av deira arbeid me kvar einaste dag

har gagn og glede av mange slag.

 

21. mai 1911 fekk laget her sin start,

Ingjerd Lange-Nielsen fyrste leiar vart.

Kvinnene fekk hendene fulle ganske snart,

mange oppgåver har dei løyst etter kvart.

Kampen mot tuberkulosen var den første,

og ei av dei største.

Han vart kjempa ned,

men her var mykje anna å slite med.

I arbeidet med å betra vår helsetilstand

gjekk laget med dei folkevalde hand i hand.

Eit stort løft det var

då me fekk vår fyrste tannlækjar.

Andre store oppgåver

som me gler oss over,

er reising av sjukleheim og alderstun

for å gjera alderdomen trygg og lun.

 

Me veit at sanitetskvinnene dei vil

også i framtida setja alle klutar til

i arbeid for felles beste,

og dei, dei greier det meste.

 

I dag me for både 100- og 85-åringen festar,

med krinsleiaren mellom våre gjestar.

Over alt det saniteten har skapt, og gjer,

me fyllte av vyrdnad og ovundring er.

Det kunne skrivast side opp og side ned

utan at det er mogeleg å få på langt nær alt med.

Difor eg til slutt her ganske kort

vil takke hjarteleg for alt det gode de har gjort,

- me har sett kva de står for, i smått som i stort.

Våre beste ynskjer til jubelantane går

med von om at organisasjonen framover får

mange gode, rike og gjevande år.

Takk og lukke til !

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.