Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Rim Høgtider Minneord Bankar

PROLOGAR

 

 GULEN SJUKEHEIM

Overlevering 1.6.1975.

 

I dag har me heist våre flagg,

trekt i våre beste plagg,

teke oss fri,

samla oss til overleveringshøgtid

for vår sjukeheim vakker og ny,

fint plassert i bjørkeskogens ly.

 

Solid ruvar bygget,

me føler oss stolte og trygge,

er glade for sjukeheimen vår,

vonar at folket i mange, mange år,

av han mykje glede og nytte får.

 

No kan me ovundre det store verket

og rosa med ord so sterke,

det er både naturleg og rett,

men stoda har ikkje alltid vore lett.

Då den fyrste sjukeheimstanke

mellom folket byrja vanke,

var det tider trange

og motargument mange.

Men planane vart ikkje gløymde,

gulingane stadig om sjukeheim drøymde,

og litt etter kvart inn det strøymde,

pengar som i banken vart gøymde.

Konkrete planar kom på bana,

dei til framdrift mana,

sanitetskvinnene utrøytteleg,

arbeidde og streva i veg,

skydde ikkje noko av slit og kav,

heldt marknadar, gjekk med tiggarstav,

baka og pynta med kakesprut,

auksjonerte og lodda ut,

det var liksom ikkje nokon ende på

alt dei tenkte ut for pengar å få,

saman dei stod om oppgåva stor,

frå ytterste øy til innerste fjord.

 

Eg har også lyst til å nemna ein traust kar,

som nok ei drivande kraft i arbeidet var,

lækjaren, Hallvard Natvik, som med seg bar

ein modell av heimen, frå basar til basar,

og tala den gode sak,

kjempa for å få heimen under tak.

          ------------------------

Etter mange år

i trange kår

med mykje mas og stri,

kom saka verkeleg på gli.

Me rota i kister og bommer,

vrengde våre lommer,

kjøpte årar og lodd i fleng,

kone og mann, jente og dreng,

laga utloddningsvinstar på spreng,

-sanitetslaget trong masse peng.

Om sider dei so mykje fekk

i sin innsamlingssekk

at dei våga å starte,

dei var motige - og smarte.

At skepsisen og kritikken var stor,

skremde ikkje sanitetskvinnene det spor,

greidt og snart,

avgjort det vart,

at d e i Gulen sjukeheim ville byggje,

for folket i kommunen å tryggje.

 

Ei byggenemnd dei valde

som ti medlemar talde.

Søren Randal formann vart,

han satsa på snøgg start,

skuva på, sette tidsfrist stram,

gledde seg over at arbeidet skrei fram,

men fekk ikkje bygget ferdig sjå,

uventa og brått han fall frå.

Mykje han utrette vann,

i takksemd me minnest han.

 

Til ny formann vart Ola Erdal valt,

han også på fortgang satsa alt.

Finansieringa skaffa nok størst bry,

ja, det var mang ei trugande, mørk sky.

Han kjempa om renter og prioritet

så hardt at han nesten skifte let,

men gav seg ikkje før beste vilkår han fekk,

-svært fint og godt til slutt det gjekk.

 

Det førde også mykje mas. kav og strev

med rekneskap og alt det som lova krev

med sine oppgåveplikter, påbod og band,

men det ordna Margot Nygård med stø hand.

 

Med full innsats frå alle i lag,

det muna jamt frå dag til dag,

ja, det gjekk utan stopp,

og snart var bygget kome opp,

byggetida var slett ikkje lang,

eit år frå grunnarbeidet kom igang.

 

Stolt bygget kneiser,

byrge våre flagg me heiser,

og ærar i takksemd alle dei

som tok del i vårt arbeid,

tek hatten av, som det seg hør og bør,

for arbeidar, leiar, arkitekt og entrepenør.

På alle tenestene set me stor pris,

takkar dei som hjelpte på alle vis.

Største takka me likevel fram vil finne

til den trauste, edle, gode sanitetskvinne.

Formann og medlemer måtte slite hardt

for at resultatet kunne bli slik det vart.

Dei samla midlar, stod som byggherre,

men var likevel ikkje verre

enn at dei også det store

sluttarbeidet gjorde,

kom saman frå alle grender

og med sine eigne hender,

vaska alle rom, kott og gangar,

og det utan handlangar.

Det fleire rutekilometer vasking vart,

kommunen for store summar blei spart.

Dei også mykje møblar og utstyr skaffa,

-alt fekk dei til å klaffa.

 

Atter takk, og takk igjen,

kunne alt dette ha vorte gjort av menn ?

            ---------------------------

Ein praktfull sjukeheim har me gulingar fått,

heilt ut moderne i stort og smått.

Han har kosta mykje, det er so,

store tal

og mykje bal,

men huset er ferdig no,

og skulle det finnast tapte slag,

kven tel vel dei på seirens dag ?

Finnst det ein mann eller ei kone

som angrar på ei einaste krone

av det dei so rundhendt gav,

og som me no ser fruktene av

i dette gilde bygget her,

som så nyttig og naudsynt er ?

 

Snikkarane fekk ikkje forvel inn det siste glass

før dei fyrste pasientane var på plass.

Det  var på tide heimen kom,

han vil truleg aldri stå tom.

Så god folkehelse nyttar det ikkje å håpa på,

og då er det svært så godt å sjå

at han no står her

og til teneste for oss er.

 

Gulen kommune overtek no bygget

og for drifta føler me oss trygge.

Når me i dag kommunen til lukke helsar,

eit inderleg ynskje og håp me har,

at pasientane på heimen finn seg til rette,

og saman med styraren og dei tilsette,

alle i god og gjevande felles livnad

finn glede, helse og den beste trivnad.

Måtte heimen i lang, lang tid,

til signing og gagn for folket bli !

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.