Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Rim Høgtider Minneord Bankar

PROLOGAR

 

GULA SKYTTARLAG 100 ÅR

 

I attenhundreogsyttiåtte

skjedde det store og flotte

at Gula Skyttarlag

fekk sin fødselsdalg.

Vona til nyskapningen var stor,

snart han også let seg merka på jord,

det dundra og braka, kulene svirra,

i sterinskiva dei klirra,

så skiva ho sveia og dirra.

 

Markørane sprang med sleiv i hand,

sveitta og bala som var det brann.

Om søndagen mange folk til bana kom,

skyttarane skaut både blink og bom,

dei likte seg her, skaut og konkurrerte,

prata, skøya og diskuterte,

pussa,strauk og stelte med sin Remington,

eg trur ikkje kona ein gong vart handsama sånn.

 

Remingtonnen etter kvart av mote gjekk,

vart av Kragh-Jørgensen trengt vekk.

Og dette nye var eit underbart våpen,

store lovord heldt munnen konstant open,

dette var noko til skytegreier,

velleta flaut alle veier,

det finnst neppe heller i dag

eit meir rosa gevær enn Kragh.

 

Den fyrste bana laget hadde,

var på Ivar Henriksbø si myr,

der låg dei å sikta og ladde,

måtte jaga vekk sauer og kyr,

før dei kulene langs Jordmorelva sende,

koste seg når sleiva kvitsida fram vende.

 

Etter som tida går,

dei tomt til bane på Midtun får.

Her vart tevlingsstad i mange år,

blinken i steinskiva fekk uteljande sår.

Det vart skote frå fleire hald,

og etter soga som vert fortald,

vart det alltid den beste som vann,

-det er løye med den som  kan.

 

Her vart det skipa til store stemner,

og tevla med mange lag.

Som arrangør fekk Gula synt sine evner

på mang ein travel og hard tevlingsdag.

Også mange gilde premiar til laget kom,

-skjeldan at nokon frå Gula skaut bom.

 

Midtun som tevlingsstad med Henriksbø vart bytta,

bana nesten tilbake til sitt fyrste leie vart flytta.

Her vart ho, på dugnad med dygd,

godt og tidhøveleg utbygd,

ei sopande bane det vart

når alt var gjort klart,

fin lagsånd rådde,

gode resultat vart oppnådde.

 

At skyttarane våre hevda seg godt,

syner dei mange påokalane laget har fått.

Pokalane skulle voere tekne vare på i laget

som stolte minner frå dei gode, gamle dage.

 

Stemnene stillte stadig større krav,

til både anlegg og arrangør,

utvidast måtte kvar grav,

det trongst fleire skiver enn før.

Huset me hadde var syrjeleg lite,

rundt omkring var det ofte blautt og skite.

 

Som  formann kom det ein ung gut,

han snart fann ut

at me ikkje lenger kunne ha det slik,

måtte få overbygd standplass også i Eivindvik.

Som tenkt så gjort,

arbeidet gjekk både fint og fort,

skyttarane samla seg med hest og traktor,

innsastsen var stor,

dei svinga hamar, øks og sag,

me såg kor det muna frå dag til dag,

sand, sement og trematerial kom på plass,

det vart både overbygg, kafe, kontor og utedass,

altså det reine palass.

No kunne me lettare ta i mot store stemner

som om fylke og landsdel femner.

På desse stemnene trur eg det gledde dei fleste

at ungdomane våre hevda seg mellom dei beste.

Kjekt det er at dei som på stemner vart sende

med mange premiar i sekken heimatt vende.

Me veit at det masse trening ligg bak,

mykje slit og mange harde tak.

 

Når Gula Skyttarlag no fyller 100 år,

mange varme tankar til laget går,

gode minner dukkar fram i nokon kvar,

muntre og spenningsfyllte stunder det var,

minner om skyttarkameraten trugen,

- ting som aldri går ut av hugen.

Me tenkjer med takksemd og vyrdnad på alle dei

som streva i laget, sleit, tok i så det svei.

Dei sette ikkje store krav,

men i arbeid med anlegg og grav,

og ved arrangement,

gang etter gang

gjorde dei eit arbeid som er framifrå,

vår aller beste takk dei her skal få !

Som arrangør har Gula svært godt ord,

bygdefolket sin innsats har alltid vore stor.

 

Med varme kjensler for vårt trauste lag,

me helsar hjarteleg til lukke i dag.

Me tenkjer på kva laget har tydd

for grenda og dei som her har budd,

lagsverksemd med stor dygd

har fremja kjennskap til vår vesle bygd

på ein måte som er positiv og god,

-me er hjartans takksame no,

og ynskjer at laget framover får,

mange rike, gode, gjevande år.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.