Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Rim Høgtider Minneord Bankar

PROLOGAR

 

VATNESTEMNET

Eivindvik Vertshus 25.5.1985.

 

I det velsigna året 1882

vårt fellesskap for alvor oppstod,

Ragnhild og Hans på Vatne slo seg ned,

og planta der vårt felles stamtre.

 

Dei var fire då dei kom,

så den vesle stova vart langt frå tom.

Vesle-Ragnhild 3 år og vilter,

vesle-Hans på 1, kanskje trøytt og ilter.

Det var langt på året lidande,

skøyta vart skriven 16. i tiande.

 

Dei såg straks at dei trengde meir rom.

Han store-Hans var sterk og from.

Skog var det mykje av i Vatne-marka,

han  felte, kvista og barka.

Det finaste hustømmer han laga,

skaffa seg bord på saga,

arbeidde flittig og hardt,

gode bustad- og uthus på garden det vart.

 

Hans sette jorda under plogen,

dreiv i skogen,

køyrde fram på hjul og mei,

var også på telefonarbeid.

 

Ragnhild hadde det og stridt nok

med fjøsstell, ungar, symaskin og rokk.

Dei streva og sleit,

men stod aldri i beit.

Ho treivst med å sy og strikke,

han sytte for utkomme til mat og drikke.

 

Dagane var ikkje berre lys og smil,

vesle-Ragnhild i leik sette livet til.

Knust under ein stein dei ho fann,

men på ein måte dei over det vann,

og mens livet vidare går,

lækjest deira djupe sår.

Og etter kvart som åra gjekk,

mange fleire små dei fekk.

Desse små voks seg store,

stelte seg vel dei alle gjorde,

Dei hadde det triveleg der dei heime var,

skapte hygge for kvar andre og mor og far,

plukka blom og bær på eng og bråte,

i skumringstimane spurde dei gåte,

og far fortalde spanande eventyr

om nissar og troll, mennesker og dyr.

I arbeid og leik, ute og inne,

fekk dei mange gode barndomsminne.

Om sommaren det gjekk i ein fei,

dei onna, bada, sprang og rei.

Laurdagskvelden på stølsvei det bar

til leik på voll, i skog og snar.

Om vinteren i full fart ned Ålen på ski,

på tjønna og i Pøyla hadde isen god gli.

Også jentene rende som ein kar,

svintast av alle Petra og Hilda var,

det har han Henrik fortalt,

og om dette visste han alt.

Han og ho Alida var solide og sterke,

noko dei andre nok fekk merke.

Ho Johanne sydde etter nyaste moten,

Andreas og Johan var særs raske på foten.

Hans skreiv talar og dikt

om både likt og ulikt.

Frå då han liten var

dei hermer desse ord:

«Eg er son hans far

og vesle-Hansen hennar mor.»

Om kvelden så mang ein gong

tona vakker fleirstemt song,

både innan og utanom hus,

dirigent var han Rasmus.

I mang ein sommarkveld

dei samling på troppa held,

og song så det svaga i trea,

ut for å lyda kom dei i Svea.

 

Det vart prøvt krefter, gjort pretter og spillopp,

dei var flinke i ryggtak, keip og tresteghopp,

gjekk på hender like godt som på bein,

var på fjellet og kapplyfta på stein,

fann trivnad i både stort og smått,

sitt arbeid gjorde dei godt.

Dei ol fram prektige sauer og kyr,

av verar og hestar vart det b e r r e premiedyr.

Det var ein gjestfri heim, god og trygg,

vitja av mange reisande med veske på rygg.

Desse brukte nok også hanebein på sin vei,

men fekk ikkje på jentene skikkeleg drei,

det var det nok meir jordnære karar som fekk,

og takk og pris for at d e t gjekk som det gjekk.

 

Etter kvart

ungane eldre vart,

dei reiser ut,

jente som gut,

finn seg yrke og make som passar

og sler seg ned på ymse plassar,

frå ganske nær til det fjernaste fjerne,

der hugen, i kvar blinkande stjerne,

ser lengten etter barndomens land,

og knyter dei sterkaste kjensleband.

 

Etter kvart mor og far si kvile fekk.

No er mest alle borna også vekk,

men enno lever ei av dei tie,

vår gode og kjære tante Petra Amalie.

Me alle so inderleg av ho held,

dumt at ho ikkje er med oss i kveld.

Ho er så triveleg, kan skøye og le,

slik har ho vore heilt frå 1903.

Ho lever sunt, er aldri stur og tung,

men stadig like lettliva, vital og ung.

Som seg hør og bør,

ho i dag får vår største honnør.

 

Ei av svigerdøtrene i vårt stamhus,

ho Arnolda hans Rasmus,

som også framifrå godt seg held,

er særskilt og hjarteleg velkomen i kveld.

 

I slekta vår går det som det brukar å gjera,

nye slektningar kjem stadig til verda,

ho har vakse seg talrik og stor,

breidd seg til fleire kantar av vår jord.

Og då er det fint at me, slik som her i dag

kan samlast i hyggeleg lag,

og treffast igjen etter ei ventetid so long,

eller kanskje møtast for aller fyrste gong.

Det er godt med sine skyldfolk å ha kontakt,

slektskapet er ei uskriva, heilag pakt.

Det er sterke, usynlege band

som ikkje bryr seg om grenser mellom riker og land,

men knyter oss saman med kjensler og fine minne

der me tilbake til våre røter kan finne.

I varm takksemd me tenkjer på vår mor og far,

dei gav oss det dyraste og beste me har.

Arven frå dei me alltid akta og æra vil

korleis det i verda enn måtte gå til.

Han er vår kjæraste tradisjon,

førd frå mor til dotter, frå far til son.

Slektskapsbanda skal så sterkt saman tvinnast

at dei aldri slitnar så lenge det vatningar finnast.

 

Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.