Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Rim Høgtider Minneord Bankar

PROLOGAR

 

PRESTEN REISER

 

Signe skal dra,

me er langt ifrå gla,

me må rett ut seie,

 i dag er me sture og leie.

 

 På ein måte me likevel forstår

at ho no etter åtte år

legg bort kappen her og går.

 

Når ein prest

frå oss har rest,

lurer me på kven som kjem,

så også i nittenåttifem.

Då kom Signe til oss.

Litt motmæle til tross,

ho open, og med styrkje,

steig inn i vår kyrkje,

på sjølvaste påskedag.

Utan stort geistleg lag,

og utan formell innsetjing,

ho starta si gjerning,

som ein naturleg ting,

midt i påskefesten,

hjelpt av vikarpresten.

Ho kunne meir enn bruka sleiv og visp,

greidde brasene utan både prost og bisp.

 

Enkelte sa det ikkje var rett

at kvinner til prestar vart sett,

men her vart ingen strid,

innsetjingsbrev kom etter ei tid,

og folket stod deg bi.

 

I våre sinn

du segla inn,

smilande, blid og god,

når du i presteskrud stod,

eller mellom oss gjekk

i alle andre gjeremål du fekk.

 

Mang ein gong,

under salmesong,

me venta på

at du preikestolen skulle nå,

og så,

når du hadde to trinn att å gå,

fekk me auga på,

fyrst ditt gylne hår,

og så du trygg på stolen står.

 

Med bileter og velvalde ord

du tala til syster-bror,

far og mor,

frå øy og fjord,

den glade bodskap fram du bar,

kvardagsleg og liketil du var.

 

Takk for trøyst du gav,

ved mang ei grav,

då me stod ved bårer

med auga fyllte av tårer.

 

Takk for gleda stor,

og den gode start,

du med dine velvalde ord

gav dei som vigde vart.

 

Takk for dåp og konfirmasjon

med framtidshåp, tru og von,

takk for tenesta ved altargang,

takk for smil og sang.

 

Takk for yngretreff og tensing,

og dei mange andre gode ting.

 

Takk også til dei

som fylgde deg på din vei,

godlynt oss alle møtte,

var deg til hjelp og støtte.

Det hadde vel vore verre

utan borna og Sverre ?

 

Til Signe og huslyden vil me finne

ein romsleg plass i vårt minne.

At du, den fyrste kvinne

som sokneprest i Bjørgvin,

saman med familien din,

kom hit til våre kyrkjehus,

styrkjer vår gode sogesus.

 

Når i dag me tek avskil,

me gjerne syne vil,

at av takk og godord me er stinne,

håpar me ser dykk ofte igjen her inne.

 

Takk for kvart einaste år frå 1985,

lukke til der de kjem !

 

Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.