Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Høgtider Minneord Bankar

RIM

 

DALEN

Dalen, vid, vakker og lun,

hugen sitt naturparadis,

stille med eit lite sætertun,

vekkjer minner i tusenevis.

 

Roleg renn den flate elva,

vakande kjø du der kan sjå,

blankskurte bytter ligg kvelva

ved bekken på steinhella grå.

 

Kyr, geiter og sauer,

på vollen har lagt seg ned,

 dei kviler sine bein og klauer,

hjortar makeleg i ro og fred.

 

Stundom med rova dei slengjer,

sopar bort fluger og klegg,

som  i tusental på små vengjer,

surrande kursen mot dyra legg.

 

Under den slakke lia,

sela med torvtak på,

minner så godt om den tida

me alle likar å tenkje på.

 

Der i den gamle bua

dei smøret av rjomen kinna,

ysta i kjelen over grua,

på veggen hang mjølkebinna.

Ved glaset i selet står det

framleis eit utskore bord,

som bestefar vår forma i tre,

til ho som vart vår bestemor.

 

Skogen rundt sela slår ring,

villvoksen, frodig og grøn,

bær veks på bakkane i kring,

 - dalen er rik og skjøn.

 

Mjukt i frå liene kjem det,

dei venaste tonar på jord,

du høyrer ikkje sælare lete

enn når fuglane jublar i  kor.

 

Det er traster, og meiser vare,

gauken, lærka - og tusen til,

medan oter, rev, mår og hare

snusar omkring i kvelden still.

 

Ofte om laurdagskvelden

var budeiene pynta til fest,

i varmen ved åreelden

kjærasten var deira gjest.

 

Dragspelet let over vollen,

dansen gjekk til langt på natt,

orren kurla frå kollen,

det var liv i busk og kratt.

 

Ja, det var herlege tider,

her midt inni villmarka stor,

når vinteren kvarv om sider

og sommaren rådde her nord.

 

 

 

BASAR

I dag har du igjen vore på basar,

mange gilde vinstar der det var.

Årar og lodd vart selde i fleng,

skaffa laget masse peng

som dei så sårt treng.

Folk dei handla, prata og lo,

kosa seg med kaker og kaffi god.

Nokre vann så det var ei lyst,

med jubel og glød i sitt bryst.

Etter kvart som tida gjekk

dei mange vinstar fekk,

ja haugar på borda me såg,

 - ikkje ein på ditt bord låg.

 

Espen var som vanleg klok

tok rette år for å få seg ei bok.

Mari vann hue, vottar og slips,

kanskje ho kan gje deg eit lite tips ?

Mette vann panne, pute og ring,

Mia fat og duk med korssting,

 - du vann ingen ting.

Ved kvar «årane innatt»

du like tomhendt satt.

Betre hell ved neste trekning !

Spelet var atter i sving

og rundt omkring

dei samla vinstar fine

på kaffiborda sine,

men lukka var som forgjord,

- ikkje noko kom til ditt bord.

 

Fagning gjennom salen rann

då vesleguten trehesten vann,

midt i blinken for han.

Lukkelege småfanten,

rekk så vidt over bordkanten,

vinkar blid med ei år,

smiler når han hesten får !

 

Du gang på gang,

med fullt av årar i ditt fang,

fylgjer spent kvar trekning,

vinn ikkje ein einaste ting.

 

Der vann ho Pia ei veggklokke,

rett etter Pelle ei vakker dokke,

Petra har snart ein vinst for kvar fing,

- du har ingen ting.

Pål vann ein boksopnar,

som han ofte gjer på basar,

fleire ti-tal no han har.

Pernille vert ein einaste stor smil

då ho får seg ein tesil.

Per vinn ei neglefil.

Også Vetle ein vinst har fått,

eit sjal mjukt og godt,

det var jammen flott !

 

Men kan du forstå dette her,

kva det eigentleg er som skjer.

Nokre haustar so vel

i lotteri og spel

medan dei lodd som vinn

vegen fram til deg aldri finn ?

 

Om me ikkje så mykje har vunne

har me alle glede i basardagen funne,

til felles beste er det kjekt å yte,

samvær og fellesskap likar me å nyte

og me treng korkje skryte eller syte,

-på neste basar skal me rollene byte.

 

No er det tomt der oppe

og basaren må stoppe.

Det heile sluttar med ein song,

- me gler oss til neste gong.

 

 

 

 

FEBRUARMORGON

Søndagshimmelen er blå og klår,

tynt slør om kollen der varden står,

ligg som eit slumreteppe i lyserødt,

- ein ny dag blir født.

 

Dei fyrste strålar over bygda fell,

snart gyller sola lider, tun og fjell,

bort kverv rimet bak huset,

det er stille, ein høyrer nesten suset

når kulden for sola må gje tapt,

- nytt liv vert skapt.

 

Det glimar og glitrar på alle kantar,

blinkar i mangeleta, vakre diamantar,

strålane spreier sitt fargespel så flott,

og jamvel i februar varmar dei godt,

blenkjer i sjøen som buktande pålar,

- velsigna vere sola og hennar strålar !

 

 

 

 

FEDRELANDET

 

Me elskar deg Norge, det vakraste land,

dine fjell, dine skogar, di blankskurte strand,

lyden av bylgjer som mot svaberga rullar,

sjoget frå skogen som lokkar og sullar,

dine trolske myrar, vidder og fjell,

skumkvite fossar som mot juva fell,

månesølvet som glitrar i snø under pol,

gullfarga tindar i midnattsol,

dei grønkande lier med lyd og liv,

skodda som lett om toppane driv,

dine blå fjordar og frodige dalar,

vinden som susar og svalar,

bekker, elvar og blenkjande sjøar,

breie bygder med åkrar og bøar,

frukt og blomar i velstelte hagar,

det fargespel som nordlyset lagar.

Slik er landet me set så høgt

der mødre og fedre med stor kløkt

har fostra kjende døtre og søner,

odla dei fram i arbeid og bøner.

 

I kjærleik varm som loge

tankane går til vår rike soge.

Harald, hårfager og viljesterk,

gjennomførde sitt samlingsverk,

Håkon og Olavar seinare kom

og vende heidntru til kristendom,

Sverre og hans menn med bark om fot

med djervskap tala paven midt i mot,

Håkonson rydda indre ufred bort,

gjorde landet rikt, trygt og stort.

Seinare det i soga slik seg vende

at styret kom framande kongar i hende,

norsk kongeblod frå trona vart vekke,

broten vart vår gamle kongerekke

og sure, tunge tider landet fekk

gjennom hundreåra som no gjekk.

 

Ut or vanæra til sist me fann,

folket sin fridom atter vann

og ny norsk konge til landet kjem

i det gylne år nittenhundreogfem.

Kong Håkon vart hylla i bygd og by,

vår kongerekke var starta på ny,

det gamle kongeriket hadde igjen fått

sin eigen kjære norske drott.

Må Norge i fridom, lov og rett

bløma i framgang frå ætt til ætt,

og Herren ta i si sterke hand

vår konge, vårt folk og vårt land!

 

 

 

 

FJELLTUR

Sola varmar gjennom glaset,

i hagen vekkjer ho graset,

jagar skuggen innetter lia,

han tapar terreng heile tida.

Skilje mellom lys og mørker

snor seg fram mellom bjørker.

 

Lyset erobrar fjellsida,

folket tek på seg skia.

Vinterlandskap i rein snø

speglar seg i blå, blank sjø,

høge kvite tindar,

lave glitrande rindar.

I svingar langs den gamle sti

myldrar det av folk på ski,

mot fjellet dei ilar

mens sveitten silar,

kilo på kilo forsvinn,

letnar gjer kropp og sinn.

Liene kan nok vera tunge

både for gamle og unge,

men sisuen vert kobla inn,

mot høgdene dei vinn,

humøret er på topp,

snart er alle komne opp

dit dei etter ei lang vyrke

samlar ny giv og styrke.

 

At sola skal, i hellingar lune,

gjera oss friske og brune,

som ei løynleg von me har,

- i kveld er det sanitetsbasar.

Der jenter byr på kaffi og kaker,

loddar ut massevis av fine saker.

 

 

 

 

FONNEVIK

Det er godt å stå ved vinduet ei stund,

la auga gli over bygda ven og minnerik,

eit stille sølvblankt Prestesund

speglar den før så travle Fonnevik.

 

Ein gong var staden sommarbeite

for prestegarden sine mange dyr,

her åt dei seg runde og feite

både griser, sauer, geiter og kyr.

 

Men d e t var i svært så gamal tid,

snart folkevrimmel, liv og røre

kvardagen på området skulle bli,

hit båtar aktive folk skulle føre.

 

Annsame forretningsmenn i skinnvest,

kvinner med skyttel, tråd og nål,

kyrkjesangar, klokkar, lærar og prest,

- mange fekk her sine gjeremål.

Det solide bustadhuset Dahl bygde

hyste også tingseter og fastskulen,

ikkje lenge det drygde

før vika vart eit senter i Gulen.

 

Her kom bakeri og margarinfabrikk,

d/s-ekspedisjon og postopneri,

smie, fargeri og daglegvarebutikk,

og eit notbruk, i litt seinare tid.

 

Kutteren når han ved kaia duva

det skein i hans blankpussa sider,        

enno syner merka etter kopargruva,

-gode minner frå farne tider.

 

I fin haust verdige våningen no står

blant tre i alle letar, nokre enno grøne,

slik han har stått i nærmare 200 år,

velhalden med solforgyllt møne.

 

Bikuber med veik haust-summing,

mogne saftige bær på rogn og hyll,

påhengsmotoren si svake brumming,

sogesus, trekkspeltonar og idyll.

 

 

 

FUGLEBRETTET

No fell snøen kvit og rein,

dalar som filler stillt og lett,

meisene trippar med raske bein

på mannen sitt fuglebrett.

 

Vakre dei ser seg skye om,

han synest skjeggut og stygg,

men  noko venleg som seier kom,

gjer fuglen tillitsfull og trygg.

 

Dei hakkar laus maten i nettet,

fine blåmeis, spurvar og nokre til,

og når alle dei har fått si mette

ein liten fuglekonge seg prøve vil.

 

Det nette hovud snur seg våkent rundt

med augo tindrande blanke,

han må ta det dei andre har hakka sundt,

han finn litt på nederste planke.

 

Det lyser vakkert hans runde bryst,

hans smekre nebb ingen kamp kan ta,

når andre igjen på mat kjenner lyst

må han berre stille bort frå brettet dra.

 Tru om han, inne i skogen ein stad,

har ein like nett og velskapt make,

som ventar vonfull og glad

på at han skal ha mat med tilbake ?

 

Fuglane granskar mannen innom glaset

der han sit i stova sin beste stol,

og glyttar bak ein rosemåla blomevase,

slik han har gjort det sidan annandag jol.

 

Skal tru om han er i godlag,

jau han uroar seg svært lite,

tek av pipa nokre rolege drag

og drikk kaffi av krusa kvite.

 

Sjå han tek med seg sin store kopp,

legg nokre kubbar i den gamle kamin,

før han der i varmen stiller seg opp,

og ventar på middagsmaten sin.

 

Dei veit at kona som steller i kjøkenkrå,

har maten hans ferdig om få sekund,

og at den heldige mannen etter maten vil gå,

til divanen for å ta seg ein høneblund.

 

På brettet og ikring går livet sin gang,

fuglane leikar, snøflak fell tause og tette,

i dag vert gamlingen sin lur djup og lang,

når han våknar er markene kvite og slette.

 

 

 

FUGLEN

Kva slo mot rute ?

Er det nokon der ute ?

Nei sjå, ein fugl her inne !

Veien ut han ei kan finne.

 

I det han mot ruta dreiv

vart underkjeven slått skeiv.

I brystet hjarte heftig slo,

kva ville skje no ?

 

Tru om den skadde fuglen som i stolen sat

nokon gong  igjen kunne ta til seg mat ?

Hjarte hans hamra utan stopp,

men han let meg ta seg opp.

 

På min tale gav han ingen svar,

men du verda kor fin han var !

Reine fargar på dunlette fjør -

har aldri sett meiser så vakre før.

 

Eg sette han ned, han ville ikkje dra,

tydeleg om hjelp han meg ba,

med augo bedande og klåre

fortalde han om sin fåre,

han var vonfull og klok,

igjen eg opp han tok.

 

Utruleg var det som hende,

der i handa ut han sende

to lette, små skrik

og det enda slik,

nebbet til normalstilling vende.

 

Då han slapp ut att i lende

glad han igjen på livet tende,

lett på vengja,

rett over engja

i full fart straks det bar

inn i nærmaste skogsnar.

 

Kanskje han, etter vinteren i skogen,

til våren igjen plukkar makk bak plogen.

 

 

 

 

GAMLEÅRET

Gamleåret seig i hav,

ulike minner det oss  gav,

sume fekk det ljost, lett og godt,

andre kanskje trangt og smått,

nokre for gjennom månandane i lette sprang

medan andre steva i strid og motgang.

Stunder med hugnad og hygge vil me vel alle finne

og dei kallar me så gjerne framatt i våre minne.

Det er så godt å ta med

alt ein kan gleda seg ved,

og det som gleder mest

er gjerne det ein hugsar best,

nesten sin kjærleik,

hans varmande nærleik.

Omtanke og venskap

lettar sorg og tap,

byggjer bru

til eit nytt liv i von og tru.

 

 

 

 

GRANENE

I prestane sin gamle hage

har folk gledd seg alle dage

over fire store grane

- dei har blitt ein vane.

 

Kvar dei kom ifrå

tenkjer me ikkje på,

heller ikkje kvifor dei er der,

- dei berre høyrer til her.

 

Der dei no står

har dei stått i 130 år

og ved kvar vaknande vår,

når naturen nytt liv får,

sevja i trea går

og kvaen stig mot topp,

dukkar også minna opp,

om born som mellom greinene leikar,

gubbar som pratar, sputtar og peikar,

dei utan paraply

som for regn søkjer ly,

og under det tette bar

mangt eit kjærestepar

står forelska og ør

i gyllent lysslør

som månen på sundet strør

der han over Fonnefjellet i sør

smiler full og blid,

ved midnattstid,

i vakkert klårver,

han seg gler

over det han ser.

 

Ekorn frå grein til grein

på raske, sikre bein

i luftige sprang,

fuglar med kvitter og sang,

fluger som summar,

humler som brummar,

yrande liv å høyre og sjå,

 -om vinteren med snøkrone på -

alltid til glede for store og små.

 

Frå plassen som trea fekk

fylgde dei alt som føregjekk.

Som vakt ved Herresalen

såg dei prestar gå inn og ut,

politikarar nervøse for jomfrutalen

og ordførarar tyngde av sut,

folk som skulle i retten møte,

for sine synder bøte,

folk som i gravferd var gjest,

eller skulle i brudlaupsfest.

Her kom folk saman

både i alvor og gaman,

i ulike samlingar

av ungdom og gamlingar,

du finn det meste som har funne stad

om du i trea si minnebok vil bla.

 

Ja, granene soga fram dei manar,

me kan neppe drøyma oss mette,

men er det nokon no som anar

kven som her desse trea sette?

 

Ein sumar i 1870-åra det hende,

presten jobb som slåttekar lyste ut,

og Søren Brandanger han sende

til prestegarden sin eldste gut.

 

Ein dag er dei ute og plantar,

langs lier og åskantar

set dei ned

små, fine grantre,

kjem trøytte ned att frå åsen,

oppdagar fire plantar igjen i posen.

 

Hans, som guten heitte,

turka sin sveitte,

presten sa:

Desse plantane kan du ta

og inntil me er ferdige med vinna

kan du plass i hagen min finna

og så tek du dei med deg

når til hausten heim du dreg.

Hans han sette plantane ned

og der vart dei ståande i fred,

om hausten han gløymde å ta dei med.

Om soga er sann

me takkar han.

 

Eg veit ikkje om han trega det han gjorde,

men granene dei treivst og vart store

og etter alle desse år

dei framleis frodige står

og me som ferdast her

oss stadig gler

over livet mellom greinene der,

dagleg, flaggspett, trast og stær,

meiser, spurv og hagesanger

hyllar Hans Sørensen Brandanger.

 

 

 

 

GRÅGÅSA

Grågåsa er på veg mot sør,

me helsar og ynskjer god bør,

takk for i år,

velmøtt neste vår,

med skvalder og sang som før.

 

Når gåsa kjem mot nord er våren nær,

snart fylgjer av sangfuglar ein heil her,

dei knip seg fast i buskar og trær

med sine smekre tær

og når dei ved kveldstider

syng rundt om i alle lier,

og gauken klukkar og ler,

ja, då er det igjen vår her.

 

 

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.