Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Høgtider Minneord Bankar

RIM

GULLSTRUPEN

I natta mørk og stille,

når kroppen ikkje finn ro,

mange som sovepille

set på sin klokkeradio.

 

Hese stemmer kviskrar på engelsk,

eller skrik og let ille

i ein låt rå og sprelsk

der instrumenta durar som ville.

 Men så ei kjend, varm røyst

gjennom eteren, mild og klår,

sender ro og trøyst

til hugen søvnlaus og sår.

 

Mot ruta driv mjuk, lett snø,

på puta mange i draumar djupe

prisar Sissel Kyrkjebø

og hennar edle sangstrupe.

 

 

 

HUSLYDEN

For 50 år sidan det ein dag hende

at ei triveleg jente ein gut blei var

og med sitt varme smil ho tende

ein liten gneist i den staute kar.

 

Det så seg laga at dei ganske snart,

gong på gong, kom ”tilfeldig” saman

og gradvis gneisten til ein flamme vart,

fyllte livet med hugnad, fryd og gaman.

 

Og vidare omsider sånn det gjekk

at dei blei til eit lukkeleg ektepar,

friske og trivelege born dei fekk,

gledde seg som stolt mor og far.

 Ein god heim dei nøysomt bygde.

Om kvardagen kunne vera hard,

dei over livet med borna seg hygde,

ein glad og triveleg huslyd dei var.

 

Borna vaks opp og ut dei for,

heimen føltest stille og tom,

men kvart besøk gjorde gleda stor,

snart barne-og oldebarn også kom!

 

Dei levde oppatt velmaktsdaga,

skrik og lått, trippande føter små,

- feststemning det i huset laga

med liv og røre i kvar ei krå.

 

Tilfredse smiler dei gamle no,

mange fine minner i hugen står,

ein alderdom som er rik og god

me alle ynskjer at dei saman får.

 

 

 

JENTA PÅ STRØKET

Ho går der i eigne tankar,

enkel, liketil og grei,

naturleg omkring ho vankar

på livets travle vei.

 

Du ser ho lett og ledig gå,

ekte, endefram og fint,

med lav hel og ledig tå,

fører foten lett og svint.

 

Aldri såg du maken til fotelag,

trør ikkje kvast og hardt,

mjukt gjennom tidas jag

i medfødt naturleg fart.

Somlar ikkje tida bort,

tillitsfull og gløgg,

løyser oppgåver trygt og fort,

er samvitsfull og snøgg.

 

Sender til folk ho møter,

det smilet me gjerne vil ha,

utan lakk på hender og føter,

med humør som gjer alle glad.

 

Alle helsar og smiler attende,

mange vert ståande å måpe,

undrast om ho tilbake vil vende,

stiller seg bak hjørnet i håpet.

 

Varm av velvære du tenkjer på

denne låtten så frisk og så fri,

desse former frå topp til tå

- ynskjer at jenta var di.

 

 

 

SJUANDE JUNI

Nittehundreogfem, den sjuande juni,

- i vår soge så stort eit minne,

større spenning på dei norske tuni

du neppe nokon gong kan finne.

 

Sverige og Noreg til krig seg budde,

- det skulle no bere eller breste,

rundt i landet folk seg grudde,

ein ven ved grensa hadde dei fleste.

 

Der låg dei med sine rifler på vakt,

fingen på avtrekkaren held,

venta på at rette ord vart sagt

for å opne drepande våpeneld.

 Men drøftingar med hardt mot hardt

og steile haldningar på begge sider,

i Karlstad fann si løysing etter kvart

med forsoning og von om gode tider.

 

Som vener naboane skilde lag,

sparde sine folk og vakre land

for krig og herjingar i harde slag,

- vandra vidare hand i hand.

 

Sjuande juni vart ein dag så stor,

begge våre land til nytte og æra,

til glede for far, mor, søster og bror,

til eksempel for resten av verda.

 

 

 

VED KJØKKENVINDAUGET

Ved det gamle kjøkenvinduet

går min tanke til ei tid så god.

Til frodig hage vart torv og tue,

innom ruta ungane vinka og lo.

 Saman me jobba mang ein gong,

ivrige barnehender, far og mor,

blomar grodde, fuglar song,

gleda og lukka var stor.

 

Vemodig ut i hagen eg ser,

borna reiste for å finna levevei,

hadde dei fått arbeid her,

kunne eg no ha vinka til dei !

 

 

 

KONGEN

Velkomen Harald som kongen vår !

Di ætt har sete på vår trone i 86 år.

Folkekjære kongar dei var,

din farfar og din far.

Me veit du vil fylgja deira spor,

verta ein ny folkekonge god og stor.

 

Med strålande Sonja ved di side,

vår fyrste dronning på 53 år,

du til di viktige teneste skal skride,

mange oppgåver framfor dykk står.

 

De, saman med Håkon og Martha,

vår kjære kongefamilie skal verta.

Til folket i vårt vidstrakte land

vil de bli knytt med sterke band.

Stolte vil me dykk hylla,

glede våre sinn skal fylla,

jubelen skal våre tankar tyde

når han frisk mot dykk vil lyde

frå fjell til strand,

frå hav til Kjølens rand.

 

Glade me helsar vårt kongepar

og store voner me alle har

om lenge å få ha dykk her,

få stå vår kongefamillie nær,

få sjå dykk rundt i dykkar vakre rike,

styrka banda og halda dei vedlike.

 

Ditt valsprok «Alt for Norge»

for landet sitt beste vil borge,

for byar, og bygder med fruktbar jord,

for skogar, fjell og den blåe fjord,

og folket som her har sin heim,

me veit at du er glad i deim.

 

Du vil styra med dug og mot

etter lover som har si rot

heilt attende til gamle Gulating.

Forsegla med kongen sin namnering,

slik det vart på tinget sett,

galdt dei som ufråvikeleg rett.

 

Rett og rettferd pregar kongen si gjerd,

måtte hell og lukke fylgja all hans ferd.

Me helsar velkomen med jubelbrus,

Gud signe kongen og hans hus.

 

 

 

 

KVAR GÅR ME?

I alle dage,

heilt frå tida i Edens hage,

har mannen vore i den heldige posisjon

at han er ein nødvendig person

for vidare liv på jorderik,

men no vert det nok ikkje lenger slik.

 

Framtidige mødre

vil ikkje føda brødre,

berre systre,

utsiktene er dystre.

Det vert verre og verre

å hevda retten som livets herre,

for uderkuing tek hoa sterkt igjen,

utraderar skapningar som menn,

snart kjem den store smellen,

kanskje har me gjort den siste sprellen?

Går det som media fortel

er me snart ute av alt spel,

det er ein knallhard dom dei feller,

hoene kan føra livet vidare med eigne seller,

og mannen vert sendt ut or verda,

har ikkje meir der å gjera.

Han vil forsvinne som dynosauren,

kjem ikkje ein gong på line med mauren,

der hannen får vera med eit stykke på veg,

spradar og latar seg,

til han får fræve den fagre dronningmøy

før han så må døy.

Hannmauren han er eit lodd på vekta,

får gje sitt tilskot til etterslekta,

men for ein menneskegut

vert det nok over og ut.

Kanskje dei slik det steller

at her ikkje vert leveleg heller.

Utan gamle Adam

vert kvardagen tam,

og livslysta kvalt,

er det dette me har valt ?

Eit inkjekjønn, ein kald robot,

ved elde dumpa som anna skrot,

slik trur eg ikkje Eva

var elta til å leva.

 

 

 

 

KVELD

Den dalande sol lavt i vest no står,

om litt ho ned bak åsen går,

sine siste strålar over bygda vil sende,

-ein fin og varm dag tek langsomt ende.

Skuggen kryp sakte oppetter liane,

turistar er på veg nedover stiane,

det glitrar i kvite snøflekkar,

på myrar sniper hekkar,

i dammar og bekkar

frosken kvekkar,

det blenkjer i blankskura mjølkebytter

på steinheller ved gamle sæterhytter.

Stilna gjer småfuglane sin store songarher,

måse og terner roar seg på holmar og skjer.

Ein fortumla orrhane, klårt og reint,

nyttelaust spelar, -vekevis for seint.

Åkerriksa, langs ei spirande reine,

”knirkar” ivrig i kvelden seine.

Fargerike blomar, ved soleglad,

faldar saman kruna sine vakre blad,

auren vaker mellom ålegras og siv,

gullfarga skydottar over himmelen driv.

Vegen vert tom for bilar,

båtar lagt trygt for ilar.

 

Sola forlet den høgste topp,

men vil snart igjen stå opp,

gylla berg og tindar på nytt,

etter natta mild og stutt.

 

 

 

 

KYRKJE - STAT

Heilt frå den eldste tid

har meiningar om tvil og tru

mellom folk ofte skapt strid,

uhygge, vantrivsel og gru.

 

I tida råder ein endringsrus

og mange lurer nok på

kva skilje stat frå kyrkjehus

av fylgjer på sikt kan få.

 Ei folkekyrkje det vil alle ha,

ein prest flink, raus og god,

det synest då høve nokså bra

med slik som me har det no.

 

I folket har ho høyrt til,

i ætter stått slektene nær,

best for flest, mange meine vil,

om kyrkja får bli slik ho er.

 

 

 

LAUVET FELL NED

Hausten er her

med vind og ruske ver,

lauvet gulnar og fell ned,

nakne vert busk og tre,

kruna står snau til sist

med grå og ribba kvist.

 

Me veit at til neste vår

naturen igjen liv og farge får,

men mannen som falmar og vert grå

lyt for alltid fargelaus gå.

 

 

 

 

 

Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.