Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Høgtider Minneord Bankar

RIM

 

MOT HELG

Inne drikk me vår te,

et våre nysteikte brød,

ute strøymer det ned

med tung, blaut snø.

 Marka ligg like bar,

vegen blank og svart,

naturen vanskar har

med sin vinterstart.

 

Kvikksølvet i gradestokken sig,

snøflaka vert lette og fine,

i tindrande augo gleda stig

- ungane hentar skiene sine.

 

 

 

PERLEPORTEN

Kyrkjeklokker skånsomt ringer,

varm er den malmfulle klangen,

me føler at sitar og harper klinger

i mjuke orgeltonar og salmesangen.

 

Tankar me får når folk går bort,

i lange talar ved blomsterhav,

eller ein seremoni enkel og kort,

me undrast - kvar blir sjela av ?

 Om ein førde eit liv fint og flått,

eller av den nøysomme sorten,

gode gjerningar i stort og smått

vil blinke ved perleporten.

 

Kjære minner i oss vaknar

når me mellom graver går,

von for dei som sårt me saknar

blir til bøn i tanken vår.

 

Tillitsfulle fram me bøna ber,

mennesker skal ei lenger råde

og maktene i den nye verd

dei er fulle av kraft og nåde.

 

 

 

MOT VINTER

No visnar graset, lauv fell ned,

det er haust i vårt vakre land,

rimet legg seg over buskar og tre,

isen stiklar langs naken strand.

 

Månen skin rund og gul,

set farge i kvar iskrystall,

og ut frå sine lune skjul

kryp skapningar i tusental.

 

Lys og glitter på alle kantar,

rimfrost og stjerner tindrar i kapp,

 formar fargerike diamantar,

og is til sølv i blankpussa tapp.

 Det glimer over rimlagt myr,

i den trolske, kalde natt,

lettbeinte raske små dyr

snusar rundt i busk og kratt.

 

Når du kring månen ser ein ring,

har dei gamle det fortalt,

at guten trygt til jomfruburet spring,

for neste morgon skjuler snøen alt.

 

Vakker er også snøen si kvite kåpe,

men når vinteren over landet rår,

vil me likevel lengtande håpe

på ein ny varm og solfyllt vår.

 

 

 

MÅLET VÅRT

Frå tida kring fyrste bålet

vårt stolte, sterke folk

har forma det norske målet,

odla det bolk for bolk.

 

Bygt det steg for steg

med ord som nordmenn høvde,

også tydeleg norsk preg

på framande mål dei øvde.

 

Under framandt styre me kom

og dansken fløymde over oss,

for norske ord var skrifta tom

- vårt kraftfulle mål til tross.

 

Når me igjen rådde i eige hus

framandspråket me med oss tok,

folket levde i gledesrus,

men utan ei einaste norsk bok.

 På Sunnmøre vaks det opp ein mann

som på kryss og tvers landet trakka,

ord og vendingar fram han fann

til eit skriftmål likt det folk snakka.

 

Men dansk mål sat i folket fast,

arbeidet hans møtte motstand,

utløyste ordskifte langt og kvast,

gamle-målet fekk vanskar i eige land.

 

Endringar i målet det likevel vart,

gamle, gode norske ord seig inn,

både i tale og skrift etter kvart

frukter av hans innsats me finn.

 

Landsmålet også mykje endra er

frå Ivar Aasen fram til vår tid,

kanskje målformer som står så nær

no til eitt fellesmål kunne bli ?

 

 

 

NOVEMBERKVELD

Du ser på skyene som driv,

filosoferar over ditt liv.

Skyene leikar i raud-gul sol,

du drøymer i din gamle stol.

Skyene luftige, gylne krøllar får,

tynt, grått og tufse er ditt hår.

 Lett som ei kvervlande sky

tok du fatt på livet, ung og ny.

Det var så mykje som hende,

sorg og glede Herren sende,

noko skapte jubel stor,

anna sette vonde spor.

 

Sola sig sakte i havet ned,

du visste at det ville skje.

Det blinkar alt i stjerner små,

ein glitrande himmel du venter på

og så ein ny dag full av sol,

ein annan stad, i ein annan stol.

 

 

 

Å VERE OPTIMIST

Einsleg, fattig pensjonist,

nett ferdig med frukosten,

gamal, alltid optimist,

ruslar for å hente posten.

 Full boks med reklame,

sprakande fargerik,

kvar dag det same,

-alltid er det slik!

 

Vona er i hans stille sinn,

at blandt katalogar stinne,

ein dag venleg brev han finn

frå ei lun og vakker kvinne.

 

 

 

POSTEN

Båten har komme,

ventetida er omme,

ein blid, liten kar,

lett og veldig snar,

i boksen hentar

post til alle som ventar.

Den smilande gut

villig delar ut

”Hjemmet” til mor,

”Donald” til bror,

”Nh”  til pappa.

”Søss” ho til seg nappa,

eit brev mjukt og bløtt,

lite og lyserødt.

 

Og så heilt til sist

til huset sin pensjonist

han medisinrekninga kan gje

på kronerfemhundreogtjuetre.

 

 

 

Å REISE PÅ KURS

Me tenar til klede, hus og mat

ved arbeid for kommune og stat.

Når me jobb der har fått

tykkjest livet trygt og godt.

I desse etatar er det aldri tale

om tantieme eller gratiale,

men den menneskelege resurs

vert tilgodesett med nyttige, trivielle kurs.

På slike ting er me stadig fikserte,

det gjeld å vera oppdaterte,

og me reiser så gjerne

både på dei nære, og meir fjerne,

store offer til trass,

det gjeld vår arbeidsplass.

Å vera borte frå jobb i fleire dagar

oss uroar og plagar,

men for arbeidsgjevaren sitt beste

me finn oss i det meste.

Motiverte me legg i veg

når til møter og kurs me dreg,

fulle av lærelyst og spente,

vonfulle og tente.

 

Det er godt å vera på kurs,

føle og veta at ein er ein resurs,

høyra dei som tenkjer stort og rett,

har fine planar på teiknebrett,

galant mellom statistikkane smett

og forklarar ting fort og lett,

er stadig på veg

med nye framsteg,

alt er bra, ingen ting gale,

me lyder og gler oss til det sosiale.

Der kan me oss sjøl vere,

masse nyttig i samtalar lære,

god mat og drikk

utvidar snevre blikk,

styrkjer oss mentalt,

- gjev oss litt av alt.

Det viser klårt i vår tid

at samhald ligg det styrke i,

- også hos politiske parti.

Avkobling er bra,

det må alle ha.

 

Etter ei veke på hotell

med slit og trell

er det godt å kome heimatt

og på arbeidet igjen ta fatt.

Ein fort inn i gamle vanar trør

og heldt fram nett som før.

Arbeidarane like tungt dei balar,

skattytarane like mykje skatt betalar.

 

 

 

 

PÅ LØYPINGSÅSEN

Set deg her litt,

ta utover bygda ein titt.

Sjå mot vest

der fargar heldt fest.

Unn deg litt ro og fred

når sol går ned.

 

Her får du i fleng

alt du på turen treng,

frisk luft, blå og raude bær,

balsam for augo i det du ser.

Sol gyller spiret på vårt kyrkjehus,

hyller bygda i sogesus.

Dåmen frå farne tider

heng i desse lier.

Nyt dufta av blømande lyng,

livet i marka, fuglar som syng.

 

Gamlefura si fromme sjel

mykje god visdom fortel,

stille mellom trekrunene ho sviv,

- vaker over åsen sitt yrande liv.

 

 

 

 

REISEMÅTE

I tusenvis av år,

så langt soga går,

har skip på sine veier

gjennom våre vakre leier,

ført folk på tur

frå og til staden der dei bur.

 

I dag finst knapt reisemåtar

betre enn våre moderne båtar.

Komfortabel, sikker og snøgg,

med flust av mat,  kaffi og gløgg,

han ber oss trygt frå fyr til fyr,

- men treng billetten vera så dyr ?

 

Om vår gode statsråd Liv

djupare i pengebingen triv,

finn meir støtte til ruteflåten,

ville fleire fara med båten

og trykket på veg og bru

lette monadleg vil me tru.

 

Og sjøvegen, som alltid,

open og vedlikehaldsfri,

toler mykje, mykje meir,

kan bera og gleda mange fleir.

 

 

 

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.