Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Høgtider Minneord Bankar

RIM

ROVDYR

Roa senkar seg langsomt i våre grender

der folk frå slåtteteigen heimover vender

etter ein lang og varm dag,

stundar mot kveldsmål i hyggeleg lag.

 

Då høyrest frå Sæterfjell

lurtonar i stille sommarkvell,

stølsjentene varslar om udyr

som jagar sau og kyr.

Karane kastar slåttereiskapar,

og det dei elles i hendene har,

triv dei våpen dei finn,

hastar mot stølen inn.

Her tel kvart sekund,

kanskje er premieveren alt reven sund.

Borna jamrar og gret,

konene syter og let,

kanskje i dette bel

vert sauen min riven ihæl,

kanskje det vesle, snille kjeet mitt

med skrik kjempar for livet sitt ?

Stakkars dyra våre,

kanskje budeiene også er i fåre ?

Dei speidar innover i spenning og gråt,

høyrer på ny luren sin låt,

no er det kamp i fjellet,

det skal lyden fortelle.

 

Karane nådde fram etter 50 minutt,

då var kampen slutt.

Ho Dagros låg stønnande på marka,

med føtene ho kava og sparka,

ille tilreidd og fæl,

dei måtte slå ho ihæl,

ho for meir liding skåne,

likeeins ein hardt skadd råne.

I ei hole låg ein halvt oppeten sau,

han var heldigvis dau,

eit verelam svært ille stellt,

dette var fælt !

 

Mot slikt som her hadde skjedd

kjempa slektene i ledd etter ledd,

for å verna bufeet i landet vårt

og det følest tungt og sårt

at når me no med udyra hadde fått bukt

skal dei fredast med lov og tukt.

Ulv og bjørn skal kunne leggja seg ned,

sleika sine blodige labbar i fred,

gjera det same neste dag

utan sjølv å lida det slag.

Det er slett ikkje lett å forstå

at udyra fritt i marka ferdast må

medan ein laus hund

skal drepast i same stund.

Det er langt ifrå

hyggeleg å treffa på

ulv og bjørn når me tur vil gå

i skogen for litt helsebot å få.

Det er ikkje alle som har sansen

for at dei skapar den rette balansen,

me synest tvert imot det ville vera bra

å kunne ferdast i naturen utan å ha

rovdyrtrusselen i vår tanke,

berre slappa av og styrke sanke.

 

Kanskje ei løysing kunne vera

at eit stort område vart inngjerda,

der dei som ivrig for store rovdyr preikar

saman med bjørnen bur og leikar.

Der kunne borna  med ulven gå,

den rette innstilling til dyret få..

Med skular, butikkar og alt som trengst i dag

kunne dei der leva lukkeleg med yndlingane i lag,

så kunne det store fleirtal som likar fredeleg dyr

avslappa og frie få vandra omkring i hei og myr.

 

 

 

 

SALMEKVELD

Når helga kom

og det var slutt på yrka,

kledde folk seg om

og gjekk til kyrkja.

 

Helgefred d å det var,

men med alt me no skal rekke

freden og tilbodet kyrkja har,

i kavet og maset blir vekke.

 

Veit du kva som skjer

under vanleg kyrkjegang ?

Flinke folk opptrer

med tale, musikk og sang.

 Prest, organist og fleire kor

no på søndag underheld

far, mor, søster og bror

i stemningsfull salmekveld.

 

Presten med fine ord

salmane saman knytta,

leia stunda med dugleik stor,

- lyden både sang og lytta.

 

Med stemme sterk og varm

han vakre solonummer gav.

Eit ynskje fyllte kvar ein barm:

Slike kveldar må me få mange av!

 

Alle aktørane var veldig gode

og me hjarteleg takke vil.

Kyrkja kan både hygge og roe,

du har mykje å glede deg til.

 

 

 

SANGFEST

I Bergen, gamle, gode kulturbyn,

var der i går på ny sangfest

som gjennom NRK fjernsyn

kunne nytast av folk flest.

 

Eit naturleg og vakkert program

der den fine, populære prinsessa

var med og lokka julestemninga fram

til alle som i hallen og ved TV var sessa.

 

I sangen me kjende oss att,

vekte vart minner gøymde,

i lyset frå TV og stjerna matt

vakkert om jula me drøymde.

 

Koret med Dagsland og Martha Louise

gav oss så fager og følsom sang,

kunne ikkje andre artistar på same vis

syngja med like folkeleg klang ?

 

 

 

 

SJELA VIL LEVE

Ikkje lenger tusle i sine stover,

ikkje lenger rusle i sin hage,

når tida her er over,

talde våre dage,

jordelivet tilbakelagt,

vil sjela over mønet sveve,

takke med usynleg vakt

staden der me fekk leve.

Vakte veg, tun og hus,

blomar, buskar og tre,

vinden sin linne sus,

lauv som sprett – og fell ned,

solstrålar, regn og snø,

landskapet, grønt og kvitt,

eimen frå salt sjø,

- alt det du følte var ditt.

 

 

 

 

ETTER EIN SKITUR

 

Eg ligg her og dormar i ro,

etter skituren me har hatt,

eg er trøytt, møyr og mo,

føler meg lukkeleg matt.

 

Ja, det er fint med ein slik tur

langt inn i våre vakre norske fjell,

koma heim til god mat og ein liten lur,

før dyra i fjøset skal ha sitt stell.

 

Å - den storslagne, vakre natur,

med sol som gyller tindar og rabbar,

det rike dyrelivet i skog og ur,

folk som sveitte opp liene krabbar.

Mellom småbjørkene hoppar ein hare,

oppe på ranen fyk ein rypeflokk opp.

Fer me roleg fram og er vare

finn me yrande liv i deld og på topp.

 

Langt inn over vidda ser ein spor,

i gnitrande føre det går så det susar,

heile huslyden, born, far og mor,

den lette nysnøen med skiene krusar.

 

Å kor rein og frisk denne fjellufta er !

Har DU vore på fjellet i dag ?

Finn fram skiene, kom med oss ver,

du er velkomen i vårt glade turlag.

 

No er dei sovna alle hine,

her herskar djup, trygg ro,

eg og vil kvila tankane mine,

og prøva å få sova litt no.

 

 

 

 

 

SKJORA

 

Ei skjor med føtene planta trygt

på den gamle, solide muren,

den som salig prost Dahl fekk bygt,

- sit litt mutt og morgonsturen.

 

Ho var nok sliten der ho sat,

tok på muren ein pust,

å skaffa 6 svoltne ungar nok mat

er ingen latmannsjobb just.

 

Ser ved kontorbygget, med undring stor,

mange hastig inn dørane gå,

å bruke dagen i ein stol ved eit bord,

var heilt umogeleg for henne å forstå.

Ho uroar seg over det ho ser,

det bleike livet menneska har.

Med hovudet på skakke så ho fer,

- på jakt etter meir mat ho drar.

 

I ly mellom storgrana sitt tette bar,

bygd av kvistar og strå frå mark og tun,

med make og ungar ho veit ho har

ein heim fin, trygg, god og lun.

 

Lukkeleg der ho matar sine små,

gler seg over leven og skrik,

trufast i mor sine spor ho vil gå,

skjorene ynskjer å ha det slik.

 

 

 

 

SNØMOKING

 

I dag var den nattgamle sno 

grei å rydde ved våre stover,

det var som han sjøl forstod

at no bør vinteren vera over.

 

Synte seg frå si beste side,

mjell, tørr og lett,

mannen han slapp å lide,

bli trøtt, sur og svett.

Når den svarte oljegrus

vart gjort flekkvis bar,

sola snøgt turka tun og hus

- for ei kraft ho har !

 

Set deg i varmen og høyr

vatnet si liflege sildring

i takrenner og nedløpsrøyr,

- ei sæl, usynleg hildring.

 

Fint å sitje slik

i sola varm og god,

lytte til måseskrik,

-våren nærmar seg no.

 

 

 

 

SOGESKATT

 

Kong Olav var i Gulen på tingferd,

hadde bisp Grimkjell og prestar med,

dei kom frå den store, ukjende verd

med sitt bodskap om glede og fred.

 

På tinget var mange akta menn å finne,

mangmennte hovdingar frå nord og syd.

Dei visste at Olav hadde kristning i sinne,

 - om naudsynt med sverd og spyd.

 

Fyrste tingbolk til ende

bisp Grimkjell var allstøtt å sjå

og kvar du enn auga vende

såg du munkar med bodskapen gå.

 

7. dagen heldt dei fyrste messa,

med prestar i skrud, og prakt,

folk i reina seg sessa,

lydde til det som blei sagt.

 

Kongen hadde det fromme håp

at når ålmugen sjølv fekk sjå

hersar ta imot sin dåp,

mengder til bispen ville gå.

 

Men det gjekk ikkje nett slik,

han som fram dei sende,

det var visst hersen frå Vik,

fatet or hendene til Grimkjell spende.

 

Frå ålmugen høyrdest eit stønn,

mange likte det dei såg,

tykte dette var høveleg prestelønn,

fule smil om hovdingmunnar låg.

 

Me ser for oss Hårek frå Tjøtta,

den runde Tore Hund,

og fleire som desse støtta,

i ei hånleg kosestund.

 

Kalv Arneson stussar sturen,

Einar Tambarskjelve i tankar fell,

dei samtalar ved gamle hovmuren

søkjer så Hårek-flokken likevel.

 

Då vatnet frå fatet fløymde

over Grimkjell sin vakre bispedrakt,

sinnet gjennom kongen strøymde,

 - det eggja hans kongemakt.

 

Kongsbror Harald til samling kallar,

i otte for kva som kan skje,

Ragnvald jarl, Dag Ringson, Bjørn Stallar,

truleg i denne leiren  var med.

 

Då kongen såg kva som hende,

ja, straks fatet vart råka av vikingfot,

bod til Berse grjotsmed han sende,

om å hogga ein døypefont i grjot.

 

Ny messe kongen planla godt

til beste for kristningsverket,

Berse døypefonten på plass hadde fått

og attmed han stod Kolbein den sterke.

 

Grimkjell stillte i nystroken drakt

saman med sine veltalande prestar,

stunda osa av vilje, ære og makt,

med kongsmenn i hoggsikre vestar.

 

Overtydde vart nok dei fleste,

om at dette var ekte, solid stein,

då ein som sparka til fonten for å teste

hinka mot sjøen på eitt bein.

 

Der i verk og pine, øm og sår,

han den nye tru tek imot,

og då han no mot døypefonten går,

smertene forlet hans vonde fot.

 

Han undrast om Kolbein same klubbe nytta

då han frå innhol tregud, full av rotter og mus,

i Gudbrandsdal trua flytta

til kristendom i lysande kyrkjehus.

 

Med blikket på Kolbein og klubba,

skjelvande hender og hjartesting,

mannen mot døypefonten stubba

til kongeleg dåp og velsigning.

 

I den spente og viktige avgjerstund,

Tord Foleson og Brynjolv Ulvalde,

 i dåmen frå den gamle offerlund

 folket til dåp og forsoning talde.

 

Med sitt valg mange nølte,

men fleire gjæve hersar og hovdingar,

no steig fram og sa dei tydeleg følte

at kristendom rette gudstru var.

 

Og etter kvart det slik seg lagar

at prestane og bisp Grimkjell

i mange, lyse, lange, varme dagar

døyper frå morgon til seine kvell.

 

Då den gamle kristningstid var over

vart døypefonten ståande att,

til vår store glede han framleis står her

som ein fin og dyrebar sogeskatt.

Fri fantasi omkring segna om døypefonten.

 

 

SOGN

Blåe fjord, høge, stupbratte fjell,

ein natur vill og stri, blid og logn,

stormfull morgon, eventyrskjøn kvell,

slik er du vårt kjære, storslagne Sogn.

 

Om våren, med lauvsprett i lund og li,

fuglesong i buskar, kratt og trer,

når fruktbygda står i blomeskruda si,

å - då er det vakkert her !

 

Gras og blomar veks på voll og myr,

svagar lint, vinkar i svake vind,

dansande glade, vårkåte dyr,

slepp ut frå vinterbåsen sin.

 

Bortetter kvart eit bakkehall

strør naturen sitt fargespel så raust,

fargar vesthimmelen raud ved solefall,

set gullkrone på isbreen i aust.

 

Vakker er kysten med holmar og skjer,

havet vert om kvelden farga som blod,

og når månen lyser over sunda her,

er sommarnatta som skapt for berre to.

 

Sognefjorden kan også vera tung å krysse,

når stormen jagar, jamrar, ular og bles,

då buldrar sjøen som ein rasande tysse,

og sjødrivet ryk om oddar og nes.

 Ve den som då legg ut frå stranda

og prøver trossa den brølande løve,

kanskje vil han aldri meir landa,

men evig sova i taren og støvet.

 

Men vinden stilnar av

og fjorden er atter blank og blå,

likeeins det stormfulle hav,

- som ei endelaus myr å sjå.

 

Fjell med skarpe egg og nakne tindar

stolte seg i sjøen ser,

nærmast ligg lave åsar og rindar,

og dei synest best i spegelen her.

 

Ved kvar fjordarm og i kvar bukt

ligg vakre bygder på båe sider,

der veks grønsaker, bær og frukt,

på bakkar under grøne, frodige lier.

 

Når hausten kjem og vinteren fell på,

landet vert av snøen farga kvitt,

men fjorden ligg framleis djup og blå,

og sola gjer fjella raude med lyset sitt.

 

Her nasjonalfargane faldar seg ut.

Om alvor vitnar skogen, tung og stor,

om lettlynne nysnøen som leikar om nut,

Noreg speglar seg av her ved Sognefjord.

 

 

 

 

SOL

Himlen er blå,

sola står beint på,

varmar opp fjellsida.

I den vakre, grøne lia

fuglen syng heile tida

med mjuk, varm klang

tonar hans vakre sang.

Mannen, med si gamle maskin,

klypper plenen sin,

gjer hagen rein og fin.

 

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.