Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Høgtider Minneord Bankar

RIM

 

UNDER BJØRKA

Høgt oppe i eit bjørketre

sit ei trast, mett av raude bær,

ho let ei lita bombe falle ned

som full av fræva plantefrø er.

På bakken, i laus, fuktig jord,

eit livskraftig lite frø sler rot,

utover våren det spirer og gror,

ein kristtorn renn ved bjørkefot.

 

I solsteiken eit ungt par sler seg ned

under bjørka vid og skuggefull,

treet ser eit nytt under i naturen skje,

- neste vår lyder pludring og barnesull.

 

 

 

VINTERMORGON

 

Austhimlen blå får grønleg skjer

som fortel at dagen er nær

og etter som morgonen lir

over lilla og rosa til raud fargen glir.

 

Før raudfargen heilt overtak har fått

sig frå fjorden ut ein tåkedott,

fjellsida ligg der grå

med lyse skyer oppå.

Men snart her vert eit fargespel å sjå

som fengslar både store og små.

Også tåkeskya lysnar nå,

grått for rosa og raudt vika må,

raudfargen tek fullstendig over,

lyser opp loft og stover.

Omsider vert han lys som skinande gull

og snart er lufta av gylne strålar full.

Myrkre raknar,

dagen vaknar,

runde, små nyster kjem til fuglebrettet

for å finna si mette,

dei fyk omkring med liv og lyst,

mørke venger, gule og raude bryst,

kvikke dei om seg vender,

glede og trivnad rundt seg sender.

Sjøen som sølvet klåre

ligg å blenkjer utan ei båre,

lufta er rein og stille,

ei og anna skyfille

på himlen flyt,

kvitt rim lyset bryt,

kler mark og skog med diamantar,

fargerike edelsteinar på alle kantar.

Kyrkja ligg kvit og fin

og no når vintersola på ho skin

er spir og kule fyllte

av letar som var dei forgylte.

Sollys som fyller bygda frå fjelltopp til naust,

gjer ho vakker vinter, vår, sommar og haust.

Og når det trekkjer opp med skyer

og snøen i lette byer

fell over bygd og by,

då vert det jul på ny.

 

 

 

 

VED ÅRSSKIFTET

 

I 2005 hadde mange det stridt,

ute i verda kempa folk for seg og sitt

mot krig og terror

med liding stor.

Naturkatastrofer tok liv og sette spor

i mange land på vår jord.

Også på våre trakter fekk me merke

naturkrefter nådelause og sterke,

men dei aller fleste her hadde det nok bra

og det ynskjer me at alle skal ha.

Å få bu i fred og eta seg mett

må vera ein folkerett.

 

Oppi alt det moderne tider krev

kan livet synest fullt av strev,

eit hav

av mas og kav.

Men også midt i alt strevet

skjer ting som gjer det godt å leve,

små kvardagsgleder vil me finne,

stunder me gøymer i vårt minne.

Det er så godt å ta med

alt ein kan gleda seg ved

og det som gleder mest

er gjerne det ein hugsar best,

nesten sin kjærleik,

hans varmande nærleik,

omtanke og venskap

som lindrar sorg og tap,

byggjer bru

til eit nytt år i von og tru.

 

 

 

 

FOLKEPRESTEN

 

I kyrkja, smilande frå koret,

traust og trygg presten vår,

lett og levande tolkar bibelordet

klårt og enkelt som alle forstår.

 

Om bodskapet fram han ber

i katadral eller vårgrøn lund,

med ord og vakker sang han gjer

messa til ei lærerik hyggestund.

 Når fram til store som små,

meistrar nynorsk utan vanske,

me kan korkje høyre eller sjå

at han ein gong har vore danske.

 

I sin slitsame arbeidsdag

med jordeferder, vigslar og dåp,

møter og tenester av mange slag,

han hjelper, trøystar, skapar håp. 

 

Hans milde vesen, ord og sang

til vår hug seg fast vil binde,

ein mektig, fin og varm klang

fylgjer namnet Jens Linde.

 

 

 

BOKGÅVE TIL SJUKEHEIMEN

 

Av nasjonalforeningen sin «lesegledekampanje»,

som mange svaksynte håp kan gje,

har me forstått

at det skrivne ord mange gonger er for smått,

ja, bokstavane kan vera så små

at dei er vridne å halda orden på.

Det kan verta venskeleg å sjå,

og forstå,

kva som i setningane står

når åra går

og dårleg syn me får.

 

Banken vil gjerne hjelpa litt her,

som han ofte gjer,

med å få hit bøker der setningar og ord

er i ei skrift så god og stor

at ingen lenger slit og kavar

med altfor små bokstavar.

Teikna bør vera så store

at me lett kan sjå ordet,

lesa som før me gjorde,

heilt normalt

kunne sjå alt

som i teksten er fortalt,

sjølvhjelpne boka nytte,

ikkje berre til andre måtte lytte.

 

Me vonar innhaldet i denne hylle

noko av dykkar lesetrong vil fylle,

og gje mange blide og nøgde fjes

på pensjonærar som kosar seg og les,

at glede og gagn alle får

av det som i bøkene står.

 

Slik er tanken

bak denne gåva frå sparebanken.

Me håpar at flittig de gåva bruka vil

og ynskjer med lesinga lukke til !

 

 

 

 

FELLER

 

Når året heller

me veit det gjeller

å sette opp feller

på loft og i kjeller,

sit og teller

kvar gong det smeller

og musene går i

ei etter hi,

men no er det slutt på dei

me ser ikkje ei einaste ei,

i dag var fellene tomme,

sesongen er omme,

våren har komme.

 

 

 

KVARDAGSHELTEN

 

Han skreiv inga bok,

han skreiv ingen sang,

var evnerik og klok,

streva dagen lang.

Han skusla ikkje tida bort,

mykje fekk han gjort,

hjelpsam, stille, sterk

han gjekk til sitt verk.

På han ingen tapte,

samfunnsverdiar han skapte,

fekk inga takk i feite ord,

men var god, og VERKELEG stor.

I slitet var han den første,

som medmenneske den største.

 

 

 

AVKOPLING

 

Å komme hit opp,

om våren til nyutsprungen knopp,

hausten med tytebær og sopp,

nyte utsikta med ein kaffikopp,

fri frå slitsam vaskemopp,

tidsjag og klokkestropp,

ein sur sjefsflopp

og hissigpropp.

Følgje med auga ein smidig kropp

som over ei lita klopp

på stien med lette hopp

dansar som i ei tropp.

Dovne seg utan stopp

på Løypingsåsen sin topp,

--sjølv i regndråpeplopp

heilt topp !

 

 

 

EIN KRAFTKAR

 

I 1784 det kom til verda,

på Henriksbø,  ein odelskar,

ved sin start på livsferda

fekk han namnet Ivar.

 

Han vaks seg staut og gild

etter som åra kom på,

vart gomodig og mild

og arbeidsam som få.

 

Hos Dahl han vann tiltru stor,

presten var ofte hos Ivar gjest,

at han så flittig dyrka si jord

gledde den ivrige potetprest.

 I Haugereina ein dag møttest dei,

bonden oppover med hest og kjerra,

presten som var på nedovervei,

meinte lasset var for tungt for merra.

 

Ivar sa ikkje eit einaste ord,

lydde toleg mens presten skjente,

men presten si undring vart stor

då han såg kva som vidare hente.

 

Roleg Ivar spende hesten ifrå,

og merra, som var ho eit føl,

ledig bak vogna i reina fekk gå,

mens Ivar drog lasset opp sjøl.

 

Kva presten om dette meinte og sa

er det i dag ingen lenger som veit,

ynskte kanskje sjøl slike krefter å ha

når han sidan såg hestar som sleit.

 

 

 

EIN SOMMARDAG

 

Sol og vakker sommardag,

mange båtar på sundet å sjå,

turistar nyt livet i fulle drag,

arbeidsfolk hastar til og frå.

 

Kyrkjeklokkene med brisen linn

sender ut sin malmfulle klang,

trugen slitar vert til kvila inn

følgd av vener med salmesang.

 

Folk stansa opp då tonane kom,

tenkjer på ho som gjekk bort

og på dei som ved plassen tom

sit att med saknet stort.

Livet går sin vidare gang,

jobbing i kamp med tid,

ferie med bading og fiskestang,

vandring i naturen - vere fri.

 

Neste gong klokkene kling

er det bryllup i bygda vår,

smilande fjes, glitrande ring,

glade folk mot kyrkja går.

 

Etter ein fin seremoni,

i glede og lukkerus,

med dans og fyrverkeri,

feiring i festpynta hus.

 

Sorg og glede på jorderik

vandrar saman på livsens sti,

ordet seier det har vore slik,

- og slik vil det alltid bli.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.