Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Bankar

MINNEORD

 

RAGNHILD

 

Å kor me saknar deg !

Så brått du drog din veg.

Kvifor skulle du døy

som ung møy ?

 

Dei fysiske band har du reve,

men i våre minner vil du leve

dag og natt

som ein dyrebar skatt,

- måtte me ein gong møtast att.

 

At du frå din kval er løyst

kan vera ei lita trøyst,

men me ville så gjerne hatt deg her,

i våre tankar du alltid er.

     -----------------------

 

Berre 19 år me saman fekk,

å kor fort den tida gjekk.

Me tenkjer tilbake på det som var,

mange er dei minna me har,

dei vil me i alle fall ikkje miste

oppi alt dette håpelaust triste.

Sjølv om dei gjer hugen sår

er minna beste trøysta vår.

 

Som lita jente me hugsar godt

du vekte både tankar og lått,

du sa og gjorde «veslevaksne» ting

som sette kjensler i sving.

 

Du hjelpe ville

alle som hadde det ille,

tok dei djervt i forsvar

som utsett for urett var.

Høgt sette du menneskeverd,

viste omsorg og rettferd

i all di gjerd.

 

Du hadde handelkraft og mot,

likte ikkje uorden og rot.

Reint, greidt, ordentleg

er ord som høver på deg.

Frå tanke til handling var vegen rak,

du kvidde deg ikkje for å ta eit tak.

Ditt arbeid gjorde du godt,

fine attestar har du fått.

 

Av natur var du god og snill,

tankefull og still,

hadde humoristisk sans,

tok poenget der det fans.

 

Ufatteleg at du ikkje lenger lever.

I tankane du stadig svever.

Me tykkjest kvar einaste dag

å kjenna frå deg eit drag.

I våre sinn

er det som me føler dine trinn,

du er oss nær

sjølv om me ikkje ser deg her.

 

Tenk om me ein slik fin sommardag

igjen kunne drege alle i lag

ut for å bade og grille

slik du så ofte ville,

reist til ei av vikane lune

der me i sanden sola oss brune,

gjekk med nakne bein

over varm fjørestein.

Du og brødrene dine sumde langt ut,

leika i vatnet med plask og sprut.

Når de så kom i land,

de med skjelvande hand

turka kroppane,

fann fram koppane,

og den beste heimelaga saft

gav glede og kraft.

Kjekt, det skal vera visst.

Me samla lyng og kvist

med det store felles mål

å få til eit godt grillbål.

Me steikte pølser på glo,

skøya, krangla og lo,

lydde til bylgjeskvulp,

henta kaffivatn i ein elvekulp.

Ved bålet me fann oss til rette,

åt oss gode og mette,

naut vår kaffi og vår brus

i brisen sin svake sus.

      -------------------

I dag var eg ute for å sjå

til plassane me pleidde å bade på.

Vikane låg der som før

med brune kroppar, osande glør,

i strålande sommarver,

men det var ei eg sårt sakna der,

 - å om du igjen var her.

   -----------------------

Då du på skulen gjekk

mange diplomar og premiar du fekk,

og at du sprang fort kan me framleis sjå,

dei fleste står det 1. plass på.

 

Du likte vinter med ski og snø

og sommar med båt på sjø,

gjekk mykje i mark og fjell,

så også din aller siste kvell.

Trimboka i fjellet viste

at den kvelden var du den siste

som namnet sitt skreiv.

Medan skodda dreiv

tok du det siste farvel,

med trimmarane og dei som poenga tel.

Neste kveld hadde du tinga plass på

båten som til byen skulle gå,

men du var borte då båten kom,

din plass vart ståande tom.

 

Det rekkverket du, i dine siste dage,

hjelpte meg med å lage,

er no klart.

Du fekk ikkje sjå korleis det vart,

men eg trur du ville likt det slik det er,

- om du berre igjen var her.

No kunne me saman fått

gledd oss over arbeidet vårt.

Tanken gjer kinnet vått

og minnet sårt,

du gjekk så hastig bort,

forlet oss så altfor fort.

    -------------------

Om nokon hadde fått berga deg,

tru korleis han hadde vorte din livsveg ?

Praktisk, sjølvhjelpen, trugen i smått og stort,

kunne du nok mykje godt fått gjort..

Det me om deg høyrer og finn

viser eit følsomt og oppofrande sinn,

 -djup var tanken din.

Hjelpsam  og god

du til teneste stod,

hjelpte mange som lidde,

men stod einsam i striden du stridde.

Med dine problem du sjølv styrde,

ville ikkje liggja nokon til byrde.

 

I vakre minneord som om deg er skrive

er spurt om det gode kan overleve.

Jau, det gode trur også me på,

men det er svært vanskeleg å forstå

at du måtte frå oss gå.

 

Det var ein tung gang

med deg til moder jord sitt fang,

men kyrkjeklokka sin malmfulle klang,

alle flagg på halv stang,

varm medkjensla, blomar og sang,

helsingar med gråtkvalt røyst,

var oss til lindring og trøyst.

Mange med oss gjekk,

mengder av lovord du fekk.

Sjølv om det var i yrkja

fyllte folk nesten  kyrkja.

 

         -------------------

Støtt me saknar deg,

ved kvart steg på vår veg,

men saknet er likevel sjelden

så stort som på julekvelden,

plassen din  ved julebordet

kan ingen fylla slik du gjorde.

Under treet ingen pakke no er å sjå

med frå eller til Ragnhild på.

        ------------------------

Me har så lett for å grine

når me ser og føler på tinga dine.

Hugen vert sår,

me tenkjer på jenta vår

som ikkje lenger mellom oss går.

Tankefulle me står framfor di grav

som ved eit blenkjande hav

av glitrande minne

som i kvar krusning er å finne

og aldri bort skal svinne.

Dei strøymer på som ein foss

 - alltid er du med oss.

 

Som ein vakker, stille sus,

røysta di, som ein linn brus

frå ei roleg bylgje,

venleg ber oss om ikkje å fylgje

tida sitt jag og stress

etter ære og suksess.

 

Kort livet ditt vart,

du døydde i din start,

men minnet bjart

lyser klart,

det er som du kom for oss å læra

at pengar og makt er ikkje det største i verda.

Den som set omsorg og varme først,

fremjar det gode og skapande,

vert nok, når alt kjem til alt, størst,

me andre vert kanskje dei tapande.

 

Tårer framleis fell ved di grav.

Du lærde oss nok meir enn du visste av.

Takk for alt du gav !

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.