Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Bankar

MINNEORD

 

BERNT STENDAL

 

Flagg i raudt, kvitt og blått,

vaiar sakte i den fallande snøen,

fnugg, som tårer, kjem stille og vått,

brisen audmjukt krusar sjøen.

 

I dag bygda seier ein av sine farvel,

ein ven som hjelpsam til teneste stod,

tagale folket i sorga og saknet tek del,

også naturen sturer, grå og dyster, no.

 

Sjølv om han var gamal og me visste

at hans helse var blitt uboteleg skral,

me alle i dag er vemodige og triste

ved avskjeden med Bernt Stendal.

 

Av gode minner vår hug er stinn,

mykje takksemd og glede har me følt,

i båt, bil, hus, mest over alt, me finn

ting som han har laga eller vølt.

 

Med mange problem me til Stendalen gjekk,

praktiske og gode løysingar han fann,

av hans hage hender framifrå hjelp me fekk,

me kjem nok ofte til å sakne han.

 

Også Aslaug me varme tankar sender,

som hans trufaste støtte og hjelpar god

ho stelte heimen med milde, mjuke hender,

me helsar og ynskjer alt godt for ho.

 

Gilde minner me alle dagleg kan gle oss ved,

spiret Bernt laga og gav til kyrkja vår,

som gåve han også laga det vakre smijernshandre

som ved inngangen på nordsida av kyrkja står.

 

I kjellaren er verkstaden tom og still,

verktøy og reiskap er lagde ned,

tause er høvel, sag, bor og drill,

slitne armar har funne ro og fred.

 

Dine krav var små, dine tenester store,

di framferd stille, dine ord vare og linne,

me takkar for alt du gav, var og gjorde

og ynskjer fred med ditt gode minne.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.