Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Bankar

MINNEORD

 

SØREN RANDAL

 

Me stod der i dag, tyngde av sorg,

ved grava til ein me hadde kjær,

båra kransa av blomsterborg,

omringa av mange som stod deg nær.

 

Alt var ærverdig stille,

himmelen lys og blå,

me såg ei einsleg lita skyfille

i vyrdnad bak Flolidfjellet gå.

 

Marka overstrødd av snøen rein,

stengene stod med hangande flagg,

trea stura med kvar ei grein,

nakne om trøyst dei tagg.

 

Ditt eige flagg bak nake tre,

andre hadde heist det i dag,

på halv stang hang rett ned,

det syrgde med oss i lag.

 

Alt var av vyrdnad prega,

livet liksom tok ein stopp,

sjølv dei bleike tuvene og tega,

strekte seg til helsing over snøen opp.

 

Med hovudet bøygd i age,

folk tagale frå grava gjekk,

mintest dei mange, gode dage,

då dei ditt nervær nyta fekk.

 

I yrke og som tillitsmann,

du sette dine djupe spor,

du var tillitsfull, vyrdnad vann,

sympati og velvilje stor.

 

Det er trist at du er død,

var så livsfrisk og glederik,

romsleg, venleg, trygg og stø,

- me hugsar deg berre slik.

 

Du fann lett det rette ord,

var fordomsfri og open i ditt sinn,

gav trøyst og lærdom stor,

der framleis hjelp me finn.

 

Så lenge liv i oss finnast

vil du i tanken bu her inne,

i takksemd me deg minnast,

Guds fred  med ditt minne.

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.